Det inneber at tidlegare generalsekretær Monica Kristensen Solås ikkje kan kjenne seg trygg på at ho ikkje må møte i retten.

— Avgjerda til statsadvokaten er ikkje til å leve med for norske arbeidstakarar. Den inneber at det vil vere fritt fram for arbeidsgjevarar å gå inn og lese e-posten til arbeidstakarane. Vi kan ikkje ha ein slik rettstilstand som statsadvokaten legg opp til. Difor vil vi klage avgjerda inn for riksadvokaten, seier direktøren i Datatilsynet, Georg Apenes.

- Omsider på banen

Apenes uttalar at organisasjonane, og ikkje minst LO, omsider ser ut til å ha vakna og viser eit initiativ i ei sak av denne karakteren.

— Det er også gledeleg mange leiarkommentarar i norske aviser over heile det politiske spekteret som gjev uttrykk for at vi ikkje kan ha ein slik rettstilstand som statsadvokaten si avgjerd ber bod om. Slik vil vi ikkje ha det i dette landet. Den samfunnsforma får statsadvokaten i Oslo sjølv leve med. Resten av samfunnet vil det ikkje, seier Apenes.

— Eg støttar Apenes og Datatilsynet 100 prosent. Det som har skjedd i denne saka er noko av det grovaste vi har sett i norsk arbeidsliv. Det minner mest om eit regime som ein hadde i Aust-Europa for mange år sidan. Eg trur dei fleste arbeidsgjevarar vil distansere seg klart frå slike metodar som det statsadvokaten nå har funne akseptable, seier advokat Nikolai Norman. Han har oppdrag for organisasjonen Lederne i Redningsselskapet.

- Faktiske feil

— Den tidlegare generalsekretæren nytta systematisk screening av e-post for å avgjere lojaliteten mellom medarbeidarane. Dette vart nytta systematisk for å få bort dei ho ikkje ville ha der. Det er ufatteleg dersom dette skulle vere greitt i Noreg utan at vi kan gjennomføre sanksjonar mot ein slik bruk av verkemiddel, seier Norman.

Han meiner statsadvokaten har basert avgjerda si både på ei rad faktiske feil og på tvilsame juridiske vurderingar.

Statsadvokaten har vist til at det eksisterte ein datainstruks som opna for å kunne gjennomgå dei tilsette sin e-post. Dei tilsette skulle også ha skrive under på denne instruksen.

Men Bergens Tidende er kjent med at mange tilsette aldri har skreve under på instruksen. Det gjeld både dei tilsette på sjøen og fleire av leiarane.

Datatilsynet påpeikar dessutan at Redningsselskapet i gjennomgangen av e-posten, braut sin eigen datainstruks. Det var aldri opna generelt for at selskapet kunne gjennomgå privat e-post slik ein faktisk gjorde. Det måtte ligge føre eit sakleg behov dokumentert med mistanke om pliktbrot. Dessutan skulle den tilsette i slike tilfelle vere til stades under opning og gjennomgang av e-posten.