Den internasjonalt samansette komiteen har kritisert Noreg i tre omgangar dei siste åra for regelstridig bruk av varetekt. Både alt for lange opphald på glattceller og omfattande bruk av brev— og besøksforbud har fått vorte påpeikt – seinast i 1999.

Påpakningane har ikkje hjelpt stort, ifølgje Oslo-advokatane Fridtjof Feydt, Christine Hamborgstrøm og Marte Svarstad Brodtkorb. Sist fredag sende dei eit tre sider langt klagebrev til torturovervakingskomiteen CPT i Strasbourg, og ber om nok ein inspeksjon.

Dei meiner Noreg fortsatt bryt menneskerettane ved å halde varetektsfangar på glattcelle mange døgn i strekk, og ved å ileggje brev- og besøksforbud i opp til seks månader.

— Kvar gong CPT har kritisert Noreg har justisministrane og departementet lova bot og betring, for deretter straks å falle attende til gamle synder, seier forsvarsadvokat Fridtjof Feydt.

Kritiserte Bergen spesielt

Bruken av cellene i kjellaren på politihuset i Bergen har vore med på å få Oslo-advokatane til å reagere. Torturovervakingskomiteen kritiserte dette spesielt i den siste rapporten, og slo fast at fangane som sit fengsla i fleire dagar, har krav på betre forhold enn det som var å finne i politihuset. Det finst ingen vindauge i kjellaren, og ventilasjonen var for dårleg.

Då rapporten vart skriven, hadde 15 prosent av fangane over ein periode på åtte månader vore innesperra i kjellaren mellom tre og fire dagar. Riksadvokaten har sett grensa til 24 timar. No i oktober var snittlengda på opphalda i kjellaren oppe i 6,4 døgn. «Dette oppleves, slik CPT tidligere har beskrevet situasjonen, som både sterkt krenkende og ikke sjelden som tortur», heiter det i klagebrevet.

Fryktar falske forklaringar

Dei tre advokatane meiner også at bruken av brev- og besøksforbud har auka kraftig den siste tida, etter ei kort betring etter at Riksadvokaten stramma inn praksisen i 1999. «Vårt inntrykk er at bruken av restriksjoner igjen er eskalerende, og representerer et betydelig problem både fordi varetektsfanger i slike situasjoner kan bli tvunget til å avgi uriktige forklaringer og tilståelser, og under enhver omstendighet blir påført klassiske symptomer som sterke depresjoner, søvnproblemer, konsentrasjonsproblemer og selvmordsforsøk mv.», skriv advokatane.

Stor tyngde

CPT-komiteen kan ikkje straffe eller gje pålegg, men har likevel stor tyngde internasjonalt.

— Dei har alle fullmakter til å reise rundt i medlemslanda og undersøkje institusjonar, og blir absolutt tatt på alvor, seier ekspedisjonssjef Erik Lund-Isaksen i Justisdepartementet.

Komitéen byggjer arbeidet sitt på det nasjonale lovverket, den europeiske menneskerettskonvensjonen og retningslinjer frå Europarådet.

Sist dei var i Noreg besøkte dei både politihuset i Bergen, politistasjonane på Nesttun og Ulset, Fana og Laksevåg lensmannskontor, Bergen fengsel og Øvsttunsenteret på Nesttun.