Hundrevis av tiandeklassingar landet rundt har klaga på karakterane dei fekk på norskeksamen i mai, både i hovudmål og sidemål.

Meir enn kvar fjerde av klagene er blitt tatt til følgje, i den forstand at karakteren no er endra. Men ein del av desse fekk seg ei ubehageleg overrasking.

230 endra

Det kom i år inn totalt 850 klager på avgangseksamen i norsk hovudmål og sidemål. Av dei 230 klagene som resulterte i at karakteren vart endra, opplevde 19 å få fastsett ein ny karakter som er dårlegare enn den karakteren dei klaga på.

Av dei 19 som fekk nedsett karakter var det ti som galdt eksamen i sidemål, og ni som galdt eksamen i hovudmål.

Tellande karakter

Det er fylkesmannen i Oslo og Akershus som har ansvaret for klagehandsaminga på eksamensresultat i norsk hovudmål, medan fylkesmannen i Sogn og Fjordane har ansvaret for tilsvarande i sidemål.

Dei endra karakterane blir no oversendt inntakskontora slik at endeleg karakter blir tellande ved inntak til haustens vidaregåande oplæring.