Etterpå erklærte aktor, førstestatsadvokat Jørn Maurud, at han trur på forklaringa til Skage.

Den eine forsvararen, Tor Erling Staff, sa derimot at «det er ikkje mi oppfatning at vitnet snakkar sant».

«Kan ha betalt 300.000»

Skage fekk i 2002-2004 ei rad sakkunnige erklæringar og legeerklæringar frå dei to i samband med soning og rettsmøte i Bergen. Poenget var å få hjelp til å unngå soning og å forhale rettsmøte.

Han hevda at han betalte dei to tusenvis av kroner ved fleire høve. Han meinte han har betalt dei to så mykje som 250.000-300.000 kroner. Kvittering fekk han aldri.

I det første møtet med John Sandstrøm som skal ha skjedd i august 2002, skal han ha levert Sandstrøm 5000 kroner i handa.

Kontakten var travkusken Atle Hamre, og det var han som hadde gjeve beskjed til Skage om at han måtte ha med seg kontantar.

Pengemas

I fleire møte fekk Skage beskjed frå Sandstrøm om å ha med seg både 30.000 og 60.000 kroner i kontantar.

I forklaringa si hevda Skage at Sandstrøm etter kvart ringde, gjerne på fredag eller laurdag kveld frå ein utestad og bad om pengar.

Ifylgje Skage opplevde han pengemaset som eit press, og at han ikkje ville få dei erklæringane han hadde behov for utan at han betalte det som vart forlangt.

Travvinsten

Det store travvinsten frå 5. mai 2002, på 5,2 millionar kroner, vart også sentralt tema. Skage hevda kontant at han var åleine om denne vinsten.

Sandstrøm har forklart at han hadde ein 20 prosents part i den store vinsten.

Dette avviste Skage bestemt.

Derimot vedgjekk han at han hadde skreve ut ei erklæring som sa at Sandstrøm hadde rett på ein femdel av denne tippevinsten.

Ifylgje Skage gjorde han det av di Sandstrøm var interessert i å kjøpe vinnarbongen for å bruke den som vedlegg i sjølvmeldinga. Sandstrøm fekk kopi av vinnarbongen.

— Det er velkjent at ein bong med ein vinst på ein million kan seljast for 100.000 kroner i visse miljø, forklarte Skage.

Fekk kopi

Skage forklarte i går at han gjekk med på å la Sandstrøm få kopi av bongen for at han skulle sleppe å betale meir for framtidige sakkunnige erklæringar.

Ifylgje Skage oppnådde han gjennom erklæringane frå Herlofsen og Sandstrøm å få utsett soninga to-tre gongar av dommen på to og eit halvt års fengsel som han fekk i 2002. Dessutan oppnådde han å få utsett eit rettsmøte i Bergen tingrett i november 2004.