JOHN LINDEBOTTEN

25.000 blanke kroner lovar Dagfinn Høybråten til den som kjøper seg ein miljøbil. Summen skal koma i tillegg til lågare avgifter på miljøvenlege bilar, og du skal få dei 25.000 utbetalt når du kjøper bilen.

Og ikkje nok med det. Med miljøbilen skal du køyra gratis i bomringen, du skal få parkera gratis, og du får lov å køyra i kollektivfeltet.

Dei tre siste fordelane har alle som i dag køyrer elektrisk bil. Men Høybråten vil utvida dette til også å omfatta bilar med vanleg drivstoff, om dei berre er miljøvenlege nok.

— Kva som skal gjelda som miljøbil, får vi koma attende til. Vi vil foreslå ein nasjonal definisjon som avgjerd kva slags bilar som kjem inn under ordninga, seier Dagfinn Høybråten.

Påby biodrivstoff

KrF vil spela inn dette forslaget når avgiftsordninga for bilar kjem opp som sak i Stortinget til hausten eller vinteren.

I tråd med dette forslaget, vil KrF også føreslå å påby oljeselskapa å tilby biodrivstoff på bensinstasjonane.

Høybråten måtte sjølvsagt minna om at Kjell Magne Bondeviks første regjering gjekk av på spørsmål om CO2-reinsing av gasskraftverk. Jens Stoltenberg vart statsminister. I går nytta Høybråten landsmøtetalen sin til å ynskja velkomen Jens Stoltenberg si heilomvending i miljøpolitikken.

— Det syner at det nyttar når KrF, Venstre, SV og miljørørsla aldri har late Arbeiderpartiet i fred som miljøversting, sa Høybråten.

Leva livet - livet ut

Det andre temaet som fekk brei omtale i partileiaren sin landsmøtetale, var eldreomsorga. Etter at det er brukt milliardar av kroner på bygningar, trengst det no nye milliardar for å gje dei eldre ein betre livskveld.

Eller som Høybråten sa det: - Folk må få leva livet - livet ut.

— Dei siste 10 åra har vi brukt 40 milliardar på bygningar i eldreomsorga. Dei neste 10 åra bør vi bruka nye 40 milliardar på å heva livskvaliteten til dei eldre, seier Dagfinn Høybråten.

Med dårleg samvit

Høybråten kom her inn på det same som leiaren for programarbeidet i partiet, Knut Arild Hareide, var inne på i BT fredag 27. april - altså den frivillige innsatsen.

— Det norske folk bryr seg om, er engasjert og stiller gjerne opp for å gleda andre. Vi må opna ein lukka velferdssektor for samspelet med dei frivillige. Utan frivillig innsats og engasjement kan vi aldri møta framtidas behov innan eldreomsorga.

— For all del - norske helsearbeidarar gjer ein kjempejobb. Men eg har vore mykje rundt omkring, og på vaktrom har eg ofte høyrt frå dei tilsette at dei går heim med dårleg samvit.

— Det var eit hardt slag for oss då vi i vinter fekk nei frå regjeringa om å vera med på ein forpliktande plan med pengar for å betra kvaliteten i eldreomsorga, sa Dagfinn Høybråten.

Garanti for eit verdig liv

Garanti for eit verdig liv, kallar Høybråten det nye opplegget til KrF. Det inneheld fylgjande punkt:

Ingen skal oppleva underernæring.

Alle eldre skal få bu slik det er forsvarleg ut frå kva den einskilde treng.

Alle som ønskje det, skal få eit aktivitetstilbod.

Alle skal sikrast rett medisin.

Alle som bur på sjukeheim skal ha rett til einerom og følgjast opp av faste sjukeheimslegar.

Alle skal ha rett til rehabilitering.

Alle skal ha rett til å døy der dei sjølv ønskjer det.

Høybråten la og vekt på at eldre som ønskjer det, og er i stand til det, må få høve til å søkja arbeid.

— Seniorane har kunnskap og røynsle som vi ikkje har råd til å gå glipp av.

Firedoblar støtta

I barne- og familiepolitikken har KrF både glede og nytte av å visa til Kristiansand, som med KrF-ordførar har hatt full barnehagedekning i tre år på rad. Når det gjeld foreldrepengar, vil KrF firedobla den eingongsstøtta på 34.000 kroner som i dag vert gjeven til kvinner som får barn etter avslutta universitetsutdanning, men før dei er komne i arbeid.

KrF vil og at sjølvstendige næringsdrivande skal ha same rett til støtte som alle andre i samband med fødsel og barnepass.

HYLLING: Dagfinn Høybråten var ein nøgd mann i går.
GILBERT, JEFF