— Sol og sommar gjer folk kåte og galne. Hormonproduksjonen aukar, og folk har meir sex. Dette fører til fleire sjukdomsutbrot. Jo varmare det er, jo sløvare er folk til å beskytta seg, seier overlege Kåre Tveit på hud- og venerisk avdeling ved Haukeland Universitetssykehus.

Like mange kjem for å testa seg på avdelinga om sommaren som elles i året, trass i at ein stor del av dei rundt 30.000 bergensstudentane ikkje er i byen.

Klamydia, herpes og kjønnsvorter er dei mest vanlege kjønnssjukdommane. I fjor var det 17558 registrerte tilfelle av klamydia i Noreg, noko som er det høgste talet på mange år. I tillegg har mange klamydia utan å vita det, og kjem dermed ikkje med i statistikken.

— Unge menneske bruker veldig lite kondom, og er skremmande uvitande om kjønnssjukdommar. Men nyskilte, single 40-åringar er på ingen måte flinkare, seier Tveit.

Dårlegast i Europa

Kondom er det einaste prevensjonsmiddelet som beskyttar både mot uønskte graviditetar og kjønnssjukdommar. Likevel er nordmenn dårlegast i Europa til å bruka kondom, viser undersøkingar gjort av Norsk Folkehelseinstitutt. Tveit trur at manglande informasjonsarbeid frå styresmaktene si side er ein av grunnane.

— Styresmaktene er mest opptekne av å få ned talet på uønskte graviditetar. Å informera om kjønnssjukdommar og kondombruk er ikkje like høgt prioritert.

Utbreitt bruk av p-piller og angrepiller blant unge kvinner er ei anna årsak, trur Tveit.

— Mange kvinner bruker p-piller for å beskytta seg mot uønskte svangerskap. Menn veit dette, og enkelte pressar på for å gjennomføra samleie utan kondom. Og ofte gir kvinnene etter.

Tveit understrekar at kvinnene sjølve må ta sin del av ansvaret. Dei må krevja at tilfeldige partnarar bruker kondom.

Han trur ikkje folk er meir forsiktige i utlandet.

— Folk er nok litt flinkare til å beskytta seg dersom dei oppfattar situasjonen som utrygg, som til dømes i kontakt med prostituerte. Men mange som har sex med ikkje-prostituerte droppar kondomen.

Behandling viktig

Tveit anbefaler folk å testa seg dersom dei har hatt tilfeldig, ubeskytta sex og mellom kvart partnarbytte. Særleg kvinner under 25 år og menn under 30 bør vera flinke til å testa seg, fordi denne aldersgruppa er overrepresentert på klamydiastatistikken.

Klamydia kan få store følgjer for den som blir smitta, fordi den kan føra til nedsett fruktbarheit både hos kvinner og menn. På grunn av denne risikoen er det viktig å få behandling i tide. Klamydia kan enkelt behandlast med antibiotika. Utfordringa er å oppdaga infeksjonen, sidan så mange ikkje får symptom i det heile tatt. Alle kvinner bør også, ifølgje Tveit, ta ein celleprøve av livmorhalsen fem-seks år etter at dei debuterte seksuelt - og kvart tredje år etter det.