Moen slepp rettargangsbot rett og slett fordi det ville ha resultert i at domsavseiinga i ei straffesak ville ha blitt forseinka. Retten slår fast at handlingane "burde ha ledet til rettergangsbot".

TV-kjendis

Moen, som vart kjent som nyhendeopplesar i NRK Dagsrevyen, får no det glatte lag av byretten. Det skjer i ein fersk dom i ei straffesak der Moen var oppnemnt som forsvarar.

Byretten skriv mellom anna:

"Det er sterkt å beklage at en advokat gir uriktige opplysninger overfor en domstol. Det er for øvrig ikkje første gang dette skjer fra advokat Moen, idet retten også hadde en episode i juli d. å., hvor retten i forkant hadde konferert om berammelse, men hvor advokaten i ettertid opplyste at det ikke passet ý hvilket ikke var i samsvar med de faktiske forhold."

"Sjukmeld"

Like før hovudforhandling 27. august sendte Moen ein telefaks til byretten og opplyste at ho var sjukmeld. Ho ba om at ein fullmektig ved kontoret måtte oppnemnast som forsvarar for å møte under hovudforhandlinga.

Oppmodinga vart ikkje etterkome. Retten påpeikar at eit forsvararoppdrag er personleg. I staden vart ein lokal fast forsvarar oppnemnt.

Arg på "kjendisadvokatar"

Sorenskrivaren på Kongsberg, Stein Husby, har sett seg grundig lei på at "kjendisadvokatar" frå Oslo sørger for å bli oppnemnt som forsvararar for så i neste omgang å overlate sakene til fullmektigar ved advokatkontoret.

Difor gjorde han visse undersøkingar i dette tilfellet. Dei viste at Moen, då ho påtok seg foravararoppdraget på Kongsberg, for lengst var booka inn som forsvarar i ei anna sak som skulle starte i lagmannsretten same dag som saka på Kongsberg skulle starte.

Sjekka opp

Sorenskrivaren undersøkte også i etterkant om Moen faktisk hadde møtt i lagmannsretten. Det hadde ho. I dommen frå Kongsberg opplyser retten også at retten har registrert at Moen var i arbeid ved kontoret sitt både fredag 24. og måndag 27. august.