Utfallet av debatten avgjer om han vil vera Hordaland Venstres leiarkandidat på landsmøtet i vår.

Forklaringa nestleiar Aud Folkestad har gjeve om at ho trekkjer seg som nestleiar fordi ho ikkje kan samarbeida med leiaren, har gjeve dei blod på tann.

Bør trekkja seg

Men også i andre fylkeslag blussar leiardebatten opp. Leiar i Telemark Venstre, Kjell Stundal, seier til BT at han synest det er mest ryddig om også Sponheim stiller plassen sin til disposisjon no. Leiaren i Sogn og Fjordane Venstre, Ola Kjørstad var imot at Venstre skulle gå inn i regjering i fjor haust. Han har ikkje lagt opp til nokon leiardebatt på fylkesårsmøtet.

Men han ser ikkje bort frå at debatten kjem.

— Eg veit at det er mange kritiske røyster til leiaren på grunnplanet i fylket, seier han.

Tida ute for Sponheim?

— Ein kvar leiar til si tid.. Eg synest tida er ute for Lars Sponheim, seier Atle Mildestveit, som er leiar i fylkestingsgruppa i Hordaland. Han er lei for at Folkestad går av nestleiar.

— Eg kjenner meg godt att i kritikken Folkestad reiser mot Sponheim, seier Mildestveit, som ikkje vil kalla seg sjølv frustrert over tilhøvet mellom grunnorganisasjonen og partileiaren.

— Kall meg heller resignert. Eg oppfattar det slik at partileiaren er fjern og utan kontakt med grasrota i heimfylka. Her i fylket er nok frustrasjonen sterkare enn det som er kome på prent.

Likevel trur han at partileiaren vert attvald

— Andre, som står for ei anna retning i partiet, får finna arvtakaren hans, seier Mildestveit.

Klar over uroa

Også Gyri Skre, leiar i Bergen Venstre, er sterkt kritisk til Sponheim. Ho synest det er naturleg at Folkestads kritikk også opnar for ein debatt om partileiaren. Ho vil ikkje opna for leiardebatt før fylkesårsmøtet, men signaliserer at Bergen Venstre er klar til å ta eit oppgjer med Venstreleiaren på årsmøtet.

Leiaren i Hordaland Venstre, Terje Breivik frå Ulvik, har ikkje lagt opp til at leiarspørsmålet skal verta noko eige tema på fylkesårsmøtet. Men han er klar over at det er uro i Hordalandspartiet og at kritikken frå Folkestad har nørt opp om uroa.

— Eg kjenner meg ikkje att i kritikken mot Lars og kan ikkje tru at dette rokkar ved hans posisjon som leiar.

Det gjer heller ikkje Erling Moe. Han er leiar i Sør-Trøndelag Venstre og sentralstyremedlem i partiet.

— Det vil vera best for Venstre om Lars vert attvald for to år, seier han.