Men det er ikkje ofte Anna Lydia Rasmussen er ute og går i korridorane på Haukeland sykehus.

— Det er så veldig plagsomt med denne pusten, seier den tynne kvinna i sjukehussenga, og legg handa mot bringa.

KOLS-pasienten kom i full fart med ambulanse for to veker sidan. 77-åringen fekk ikkje puste. No ligg ho med konstant surstofftilførsel på lungeavdelinga.

— I periodar kan berre det å skru på brytaren på kaffitraktaren vere for tungt. Går eg frå soverommet og inn på badet heime, må eg finne ein stol og sette meg ned, både på fram og tilbaketuren. Ofte må eg vurdere om eg orkar å gå inn i stova og lukke att vinduet. Anna Lydia er utdanna sjukesøster, og begynte å røyke då ho jobba som nattevakt på eit sjukehus i Newcastle tidleg på 50-talet.

— «Ta no ein sigarett», sa dei andre søstrene. Eg tenkte ikkje så mykje over det, og tok imot. Etterkvart begynte eg å kjøpe mine eigne. Først Craven A, seinare Benson & Hedges. Både fordi eg ikkje ville snylte, og fordi eg kunne by dei andre, fortel bergenskvinna. På det meste kunne ho røykje 15 sigaretter dagleg, men har eigentleg aldri vore nikotinslave. ý Eg kunne halde opp å røykje i både månadar og år, legge vekk pakken og vere ferdig med det. Men det er veldig dumt å bli avhengig av sigarettar, ein misser jo fridomen, seier Anna Lydia.

— Ja, men ein er jo avhengig av å sove og ete, også, kjem det tørt frå pasienten i nabosenga på 551, som erklærer at ho aldri kjem til å slutte å røykje.

— Jo, men at sigaretten alltid skal bestemme over livet ditt, det er verre, innvender Anna Lydia.

PUSTEROM: Anna Lydia Rasmussen kjempar med pusten og hosten, og får tilført surstoff på lungeavdelinga ved Haukeland sykehus. KOLS-pasienten begynte å røykje i England på 50-talet, men slutta å røykje i lange periodar.
FOTO: HELGE SUNDE