Frå årsskiftet vert ikkje NSB lenger den einaste trafikanten på Bergenbanen. CargoNet overtek godstransporten.

— Og dei har like stort krav på klar bane som NSB, seier trafikksjef Inge Hjertaas i Jernbaneverket, Region Vest, til Bergens Tidende.

Det er Jernbaneverket som har ansvaret for å rydda køyrevegen for toga. Då Signaturtoget køyrde seg fast ved Haugastøl tysdag kveld, fekk trafikkselskapet NSB lov til å bruka seks timar til å henta ein ekspert for å sjå til at togsettet ikkje vart skadd ved sleping inn til stasjonen.

— Eg er overtydd om at også NSB synest dette tok for lang tid, seier Hjertaas.

Så lenge NSB er einaste trafikanten på banen, synest han likevel det er rimeleg at dei får ha eit ord med i laget.

— Men frå årsskiftet blir det sleping utan å spørja NSB, slik Vegstellet får bilbergarar til å slepa vekk bilar frå vegbana?

— Så bastant blir det nok ikkje. Det er trass alt snakk om togsett til 100 millionar kroner eller der omkring. Men lina må ryddast kjappare.

På godssida må vi, tilliks med vegstellet tilkalla ekspertise når det gjeld tankvogner og farleg gods, seier Hjertaas.

I tidlegare tider, då Jernbaneverket var baneavdeling under NSB, hende det at sterkt skadde jernbanevogner rett og slett vart velta til side for å gje klart spor.

NSB har aksjemajoriteten i nyskipa CargoNet som overtek godstransporten på norske jernbaner frå årsskiftet. Men selskapet skal driva forretningsmessig, uavhengig av NSB. Svenske Green Cargo AB eig 45 prosent av aksjane.