Prisane på ei rekkje varer og tenester er på full fart oppover, drive i vêret av konkurransen etter folk og ressursar.

Artikkelserien «Jobbskaparane», som vert avslutta i dag, har vist ein arbeidsmarknad med rekordlåg arbeidsløyse. Grupper som før fall utanfor får ein sjanse til å få jobb. Eit optimistisk næringsliv har hatt stigande lønsemd, og trur på gode tider også neste år.

Men artikkelserien har også avdekkja ein knallhard konkurranse om arbeidskraft, der sjølv låglønte barnehagetilsette no kan spele barnehagane ut mot kvarandre i lønsforhandlingane.

Og — som dagens artikkel viser - serien avdekkjer også at prisen på ei rekkje varer og tenester er på full fart oppover.

Hardanger Bygg (sjå eigen artikkel) er ikkje den einaste som har fått prissjokk sidan starten av fjoråret.

Stål til skip og oljeinstallasjonar, tømmer og godstransport er varer og teneste som har ein langt høgare vekst enn den såkalla konsumprisindeksen - som gir eit bilete av prisutviklinga for summen av ei rekkje varer og tenester til vanlege forbrukarar.

Spørsmålet er når lønnsvekst, tømmerprisar og dyrare godstransport vil slå ut i konsumprisindeksen?

Det er alt i ferd med å skje, meiner sjeføkonom Harald Magnus Andreassen i meklarhuset First Securities.

Den delen av veksten i konsumprisindeksen som skriv seg frå norske varer og tenester er i dag på tre prosent.

Men billegare import, mellom anna av klesplagg frå Kina, dreg den andre vegen slik at konsumprisindeksen på årsbasis (når straumkostnadene ikkje er medrekna) nett no berre er på 1,6 prosent.

Både lønsvekst og auka transportkostnader er kostnader som raskt vil bli velta over på kundane her i Noreg, slik at også vanlege forbrukarar får merke det. Bedriftene vil halde att litt av kostnadsauken ved å redusere overskotet, men kostnadsauken kjem slik den alt har gjort for Hardanger Bygg sine kundar.

Andreassen høyrer til dei økonomane som meiner Norges Bank har lagt for stor vekt på verknaden av billeg import og sett for lite på den innanlandske kostnadsveksten. Dermed har banken halde renta for låg, og stimulert til for kraftig økonomisk vekst.

Veksten kunne vore mindre, men blitt meir langvarig med eit høgare rentenivå enn vi har og har hatt, trur Andreassen.