Kina-pigmentet gjer evakueringsskilt såpass «sjølvlysande» at dei er synlege i 24 timar etter påverknad av ei lyskjelde.

Jernbaneverket prøver no ut dei nye skilta i Skienstunnelen på Vestfoldbanen.

Ved brann eller ulykke i ein tunnel, er det store sjansar for at også straumen blir borte. Skilt som er opplyst berre med elektriske lamper, er difor ikkje pålitelege. Folk treng sikker informasjon om retninga til utgangen eller til branntrygt rom, elles kan det oppstå forvirring og panikk i tunnelmørkret.

Branntrygge rom er det no bygt to av i den 10,6 kilometer lange Finsetunnelen på Bergensbanen.

Dersom testen på Vestfoldbanen svarar til forventningane, vil nye skilt bli montert i alle jernbanetunnelar med lengde over ein kilometer. For å sikra at pigmenta alltid er klare til å lysa friskt i mørkret, vert den elektriske lampa i skiltet automatisk slått på fire gonger i døgeret, og kvar gong eit tog passerer. Lampene har svært låg effekt, og Jernbaneverket ventar seg ei overkomeleg straumrekning.

Jernbaneplanleggarane har til no rekna med at lys i tunnelar kostar fem millionar kroner for kilometeren. Modellen som no vert testa, kostar litt over femteparten av dette, og alle dei lange tunnelane i landet kan sikrast i løpet var tre år med løyvingar på dagens nivå.