KJERSTI MJØR

Stortinget løyver 7,5 millioner til vaksineringsprosjektet, melder Dagens Medisin. Tilbodet kjem etter at FHI fekk melding om mellom tjue og tretti tilfelle kvar dag i fjor.

Kikhoste er ein svært smittsam luftvegsinfeksjon, og kan vere farleg for små barn, særleg spebarn som kan slutte å puste under hosteanfall.

Norske barn blir vaksinerte i løpet av det første leveåret, men effekten blir redusert med åra. Skulebarn er dei som oftast får kikhoste i dag. For eldre barn er kikhoste sjeldan alvorleg, men den kan vere plagsam med kraftige hosteanfall, brekningar og søvnproblem. Dessutan kan dei smitte småbarn som ikkje er vaksinerte.

— Ved å vaksinere skulebarna, blir smittepresset på småbarna redusert, seier direktør Hanne Nøkleby ved Divisjon for smittevern ved Folkehelseinstituttet til Dagens Medisin.

— Det vil ta noko tid å skaffe vaksinen. Vi håpar imidlertid å kunne tilby kikhostevaksine til skulebarn til hausten.

I 2003 vart det meldt om 2885 tilfelle av kikhoste. Fjorårstala er ikkje klare, men det er ein tydeleg auke i forhold til tidlegare år. Eit lite barn døydde av kikhoste i fjor.