Katastrofealarm for hardangerlaks

Villaksen og sjøauren i Hardanger er på veg mot utrydding. Havforskarar slår alarm.

Les også:

Det går så lite vill laks og sjøaure opp i elvane for å gyte at fiskestammane har kome inn i ein vond sirkel. Lite fisk gir mindre yngel, som i sin tur gjer at enda færre fisk vender attende for å gyte.

Så ille er det at Hardangerlaksen og fleire av sjøaurestammene no har passert ei kritisk grense. Det meiner dei to havforskarane Øystein Skaala og Bjørn Barlaup. Skaala er tilsett ved Havforskningsinstituttet, Barlaup ved Universitet i Bergen.

Etter ei kartlegging av elvane i Hardanger konkluderer dei i eit notat med at:

«Bestandane av sjøaure og laks i Hardanger er no inne i ei sjølvforsterkande negativ utvikling». Villfisk-stammane er blitt for små til å reprodusere seg, som det heiter på fagspråket.

Med unntak av Etne-elva viser forskarane sine teljingar at det i alle elvar i Hardanger er mindre gyteklar fisk enn kva det er plass til. Yngelproduksjonen kunne altså vore mykje større, hadde det berre vandra nok fisk opp i elvane.

Kunnskapsmangel
I statsbudsjettet for neste år har regjeringa sett av 15 millionar kroner til forsking på fjordmiljøet og fiskestammane i to fjordar, Hardanger- og Porsangerfjorden.

– Det er vi veldig glad for. No kan vi byrje å sjå på kva slags tiltak som må til for å gjere oppdrettsnæringa berekraftig, seier Skaala.

Kunnskapen om miljøet i fjordane, frå svingingar i temperatur, saltinnhald, forureining og mengda av næringssalt, til utviklinga for dei ville lakse- og sjøaurestammane og verknaden av lakselus og rømt oppdrettsfisk er svært mangelfull, meiner han.

– Desse problema vi snakkar om her blei i mange år kalla elendigheitsforskning og hadde veldig låg status i forskingsmiljøa. Dette er no i ferd med å endra seg, seier Skaala.

Oppdrettsnæringa årsaka
Mykje av årsaka til den kritiske utviklinga for villfisken skriv seg frå framveksten av oppdrettsnæringa, meiner Skaala og Barlaup.

I år hadde 27 prosent av all laksesmolt og 58 prosent av sjøauresmolt i Hardanger meir enn 10 lakselus på seg. Det viser målingar i regi av Rådgjevande Biologer og Norsk institutt for naturforskning. Smolt er yngel som nett har vendt seg til livet i saltvatn og er på veg til havs (laks) eller ut i fjorden (sjøaure) for å vekse seg stor og gyteklar. Lakselus er en krepseart som lever som snyltar på fisken, og 10 lakselus på smolten vert rekna som nok til å ta livet av han.

Lakselus finnes også på vill fisk, men mengda av parasitten har vorte mykje større etter at oppdrettsnæringa kom. Grunnen er at all oppdrettsfisken gir næringsgrunnlag for langt større lakselusmengder enn før.

Les også

Siste fra Innenriks

Blotterjakt på Stord

Politiet spaner og patruljerer etter blotter ved barneskole på Stord etter tre episoder på en uke.

Tvangsinnlegges

Anders Behring Breivik skal tvangsundersøkes i iIla fengsel.

Fylkesmannen slår ned på bar i naust

- Bare noen gamle møbler, sier eierne. - Ulovlig, mener fylkesmannen.

Lærer sjokkerer med Breivik-støtte

En lærer i Ringsaker i Hedmark skaper sterke reaksjoner med sine ytringer på Facebook der han sympatiserer med Anders Behring Breivik.

Norsk Tippings nye toppremie: 700 millioner

Nyvinningen heter Euro Jackpot.

Her heiser de opp forsikringsselskapets bil

- Veldig rart, sier skadedirektøren.

Fakta om vern av vill laks

* Noreg har dei største stammane av vill atlanterhavslaks og er bunden av internasjonale avtaler om å ta vare på laksen.

* Tilbakegangen i villaksstammane har svekkja turismen som bygde på sportsfiske etter laks. Det forringar verdien for elveeigarane.

* Dagens oppdrettslaks er avla fram frå vill fisk. Oppdrettsfisken veks raskare, men har samstundes meir einsarta arveeigenskapar. Utan villaksen misser oppdrettsnæringa tilgang på arvemateriale som kan bli etterspurt i framtida.

Relaterte bilder

Mest lest

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

Siste saker

SØK I SKATTELISTENE (2009)

På forsiden nå

Lederstillinger

Stillinger