Bakgrunnen var intervjuet med finansminister Kristin Halvorsen om rakettskjoldsaka.

Intervjuet med SV-leiar Halvorsen stod på trykk i BT tysdag 4. mars. Sidan har bølgjene rulla. Og opposisjonspartia hadde samla seg til eit stormlaup då Støre i går møtte i den såkalla spontanspørjetimen i Stortinget.

Harde åtak

Regjeringa vart skulda for å tale med to tunger og skape forvirring om kva Regjeringa eigentleg meiner om rakettskjoldsaka. Regjeringa vart også skulda for åleinegang i NATO til mein for Noreg sine interesser.

Opposisjonspartia køyrde opp med tre parti— og parlamentariske leiarar: Erna Solberg, Dagfinn Høybråten og Lars Sponheim pluss Frp sin utanrikspolitiske hovudtalsmann, Morten Høglund.

Alle kritiserte regjeringa for å skape forvirring, sjølv om Høybråten og Sponheim erklærte seg samd med Regjeringa i sak i motstanden mot eit rakettskjold.

Fleire av opposisjonspolitikarane utvida kritikken til også å omfatta spørsmålet om boikott av Israel, strid om norske soldatar til Afghanistan, kamp mot internasjonal terrorisme og organisert kriminalitet.

Legitim kamp i NATO

Støre avviste kritikken. Han slo fast at regjeringa arbeider i NATO for å vinne tilslutnad for sitt syn som er sterk skepsis mot rakettskjoldplanane. Han sa samstundes at Regjeringa arbeider fram mot konsensusløysingar i NATO og vil stå midt i debatten. Han opplyste at 2-3 utanriksministrar hadde gjeve uttrykk for kritiske haldningar til rakettskjoldplanane under det ministermøtet han deltok på i førre veke.

Han slo fast at det må vere heilt legitimt for eit land å argumentere for standpunktet sitt i NATO medan debatten om saka går. Og han meinte det er ein demokratisk rett for alle både i og utanfor regjeringsposisjon i eit demokrati å tilkjennegje kva dei meiner.

Han slo vidare fast at regjeringa ikkje har eit vedtak som går ut på å nytte veto i NATO.

— Vi har eit vedtak forankra i Soria Moria-erklæringa og ein strategi vi følgjer for å påverke så langt vi kan kome.

- Rakrygga

Han ville ikkje svare på kva som blir regjeringa og Noreg sitt standpunkt når statsministrane møtest i NATO over påske. Han kunngjorde at det ville vere feil strategi å seie for mykje om dette i ope stortingsmøte når siktemålet er å oppnå eit best mogeleg resultat.

— Noreg er i alle fall rakrygga nok til å stå oppreist og argumentere heilt fram til det skal fattast endeleg avgjerd. Det er Noreg sin strategi å plassere seg midt i debatten for å ha størst mogeleg påvirkningskraft, ikkje berre i denne debatten men også i alle dei andre sakene toppmøtet skal behandle: Kosovo, Afghanistan og utviding av NATO, fastslo Støre.

- Seminar i BT

— Regjeringsmedlemene kan ikkje halde eit slags seminar på førstesida i Bergens Tidende i den tru at det berre er Bergen SV som les Bergens Tidende, hevda Lars Sponheim i eit innlegg retta mot Støre.

Støre kvitterte med å slå fast at:

«Vi skal vere glad i Noreg for at ikkje Regjeringa redigerer førstesida i Bergens Tidende eller noka anna avis. Det er altså ikkje Regjeringa sin politikk som er uttrykt der.»

BT møtte Støre då han forlet Stortinget etter spørjetimen. Han hadde då denne reaksjonen då vi spurde korleis han reagerte på hardkøyret frå opposisjonen:

— Det er opposisjonen sin rett og plikt å bore både når det gjeld prosess og politikk i regjeringa sitt arbeid. Det er heilt greitt.

— Når det så gjeld sjølve saka, kan eg berre slå fast på grunnlag av runden i Stortinget, at to av opposisjonspartia er samde med Regjeringa i sak. Vi ønskjer å kome så langt vi kan i NATO i å få tilslutnad for standpunktet vårt, seier Støre.

— Er saka behandla i Regjeringa?

— La meg seie det slik: Det er full dekning for det forsvarsministeren og eg har sagt og gjort i denne saka både i Regjeringa og i Stortinget, seier Støre.

STORM: Jonas Gahr Støre fekk gjennomgå av opposisjonen i Stortinget.
SCANPIX (ARKIV)