I 2007 røykte 22 prosent av alle nordmenn dagleg. Dette er to prosentpoeng færre enn året før – eller 75.000 personar.

Ikkje sidan 2003 har nedgangen vore større, og no har helse-styresmaktene fått blod på tann

– Med denne gode trenden ønskjer vi å slå til, seier sosial— og helsedirektør Bjørn-Inge Larsen.

For framleis finst det 900.000 røykjarar her i landet, og kvar dag døyr tjue nordmenn som følgje av tobakksskadar.

Ei rekkje nye tiltak skal få endå fleire til å stumpe røyken, eller aller helst – la vere å begynne. Offensiven er først og fremst retta mot ungdom.

Her er nokre av tiltaka, som blir tilrådd av Sosial- og helsedirektoratet:

  • Nulltoleranse mot ulovleg salDei fleste som røykjer, tek til før dei er atten år, og kjøper tobakken sin sjølv. No skal kontrollen med butikkane bli strengare

Regjeringa arbeider med ei tilsynsordning for strengare handheving av aldersgrensa for sal av tobakk.

– Situasjonen er uhaldbar. Vi må ha større trøkk, slik at dei som sel tobakk følgjer aldersgrensa, seier Larsen.

Direktoratet tar til orde for at butikkar som bryt lova, bør miste løyvet til å selje tobakk – i første omgang for nokre månader.

– Når ti Rema- eller Coop-butikkar mistar retten til å selje tobakk, vil dei skjønne bodskapen, seier Larsen.

  • Tobakk under diskFor å redusere reklameeffekten, blir synleg oppstilling av tobakksvarer om kort tid forbode i butikkar, kafear, kioskar og bensinstasjonar.

– Når tobakken ikkje er synleg, blir han heller ikkje så freistande, verken for ungdom eller folk som har slutta å røykje, seier helseminister Sylvia Brustad.

Regjeringa er i ferd med å utarbeide ein proposisjon til Stortinget om å innføre forbodet. Ei tilsvarande ordning er innført på Island.

– Vi har grunn til å tru at dette verkar, seier Brustad.

  • Heve aldersgrensaDirektoratet vil vurdere om aldersgrensa for sal av tobakksvarer bør vere tjue år i framtida.

Men helseminister Brustad seier til BT at ho først vil vurdere effekten av tiltak som strengare handheving av attenårsgrensa og tobakk under disk.

– Vi får sjå korleis det går, seier ho.

  • Kreftåtvaring mot snusBlant menn er det no fleire under 35 år som bruker snus enn røyk. Tre av fire snusbrukarar er tidlegare røykjarar. Men fleire forskingsrapportar konkluderer med at også snusing kan føre til kreft. Regjeringa har tatt initiativ overfor EU for å endre merkedirektivet, og bedt om at kreftåtvaringa på snuspakkar blir gjeninnført.