Dette er dei krystallklare konklusjonane i svaret som fornyingsminister Heidi Grande Røys (SV) nå har oversendt til kontrollkomiteen på Stortinget.

— Eige ansvar

I brevet skriv statsråden mellom anna:

«Generelt er det naturleg å peike på at den som fyller ut ei reiserekning har eit eige ansvar for at ein ikkje fører opp andre utgifter enn dei ein faktisk har hatt. Vidare skal den som fyller ut reiserekninga, òg passe på at dei satsane ein vil nytte for diett og overnatting stemmer med det som til ei kvar tid gjeld etter statens reiseregulativ. Ein skal heller ikkje be om å få refundert utgifter som ikkje skal dekkast av staten, til dømes om ein har hatt full pensjon og fritt losji, på tenestereisa.»

Statsråden skriv vidare om den som attesterer, det vil seie kontrollerer, reiserekninga:

- Går god for

«Ved å attestere går vedkomande god for at reiserekninga er fylt ut i samsvar med krava i reiseregulativa, at dei utgiftene som det er bedt om refusjon for, er tilstrekkeleg dokumentert, at dei kan dekkast etter regulativ og at dei satsane som blir nytta er dei som gjeld til ei kvar tid. Den som skal attestere ei reiserekning, har ansvaret for å kontrollere, ikkje berre dei utgiftene som det vert bedt om refusjon for, men òg at den som har vore på tenestereise får dei godtgjerslene som ein har krav på etter reiseregulativa.»

Sterk kontrast

Desse opplysningane og konklusjonane står i sterk kontrast til dei utlegningane som tidlegare forsvarsminister Kristin Krohn Devold og Forsvarsdepartementet nå har kome med til Bergens Tidende.

Krohn Devold svara dette til BT i ei tekstmelding 1. desember:

«Alle mine regninger er godkjent og anvist i FD i tråd med gjeldende praksis. Alle henvendelser bes derfor rettet til FD som har alle fakta i saken. Jeg har ingen kommentar.»

Forsvarsdepartementet svara slik:

«Reiseregningene behandles ut fra de opplysninger som er påført/vedlagt. Ved kontroll av reiseregningene før utbetaling må Forsvarsdepartementet forholde seg til de opplysningene som foreligger. Dersom den reisende ikke har påført trekk for eventuelle måltider, baserer FD seg på at slike ikke har vært dekket av andre. For at FD skal foreta trekk i kostgodgjørelsen må det være opplyst for departementet hvordan måltidet er inntatt.»

Løfter ikkje ein finger

Bergens Tidende har, på grunnlag av dei avsløringane som nå ligg på bordet, spurd Forsvarsdepartementet om departementet vil gjennomføre ein ny gjennomgang og kontroll av reiserekningane til Krohn Devold.

Departementet avslår å svare på spørsmålet, men viser til at ein er i dialog med Moderniseringsdepartementet.

Departementet avslår å svare på om FD har vore i kontakt med Krohn Devold om reiserekningane etter avsløringane i BT. Departementet vil heller ikkje svare på om ein vurderer eit slikt initiativ.