Det meiner valforskar Dag Arne Christensen ved Rokkan-senteret ved Universitetet i Bergen. Han leier ei gruppe ved Rokkan-senteret som er i gang med å evaluere kommunevalet. Christensen har tidlegare evaluert kommunevalet i 2003 og var sekretær for valkommisjonen som avgav innstilling i 2001 om ny vallov.

— Alarmerande

— Avviket mellom maskinell og manuell teljing er alarmerande. På Voss fekk ein av kandidatane 60 fleire personrøyster etter den manuelle teljinga. Konklusjonen på dette må bli at; anten er utstyret som blir brukt for dårleg, eller så blir ikkje utstyret brukt rett. Dette er alvorleg, seier Christensen.

Christensen ser ikkje bort frå at fleire nyinnvalde kommunestyrerepresentantar ikkje skulle hatt sete i kommunestyra.

— Dette kan også ha skjedd ved førre val, utan at det vart oppdaga.

Avtroppande ordførar på Voss, Bjørn Christiansen, seier til BT at kommunen fekk for lita tid til å driva opplæring i det nye maskinelle teljeutstyret.

Mange feil

Etter valet i år fekk 41 kommunar og seks fylkeskommunar pålegg frå Kommunal- og regionaldepartementet om å gjere manuell kontrollteljing. Alle desse kommunane nytta same utstyr. Pålegget kom etter at fleire kommunar hadde oppdaga, eller fått mistanke om feil ved registreringane i samband med oppteljinga.

Kontrollteljinga har avdekka mange feil. I fleire kommunar er det registrert avvik i personrøystene og interne endringar i partigruppene. Dette gjeld både ekstrarøyster ved kryss på røystesetelen og «slengarrøyster». Det manglar resultat frå fire kommunar. Størst utslag til nå er registrert i Elverum der KrF vann eit mandat frå Arbeiderpartiet.

Kan ha skjedd før

Steinar Dalbakk, som er rådgjevar i Kommunal- og regionaldepartementet, stadfester at det var reint tilfeldig at avviket og feilen vart oppdaga.

— Etter det vi har fått opplyst, har utstyret vore montert på ein slik måte at det ikkje har registrert alle endringar på røystesetlane, dels at ikkje alle veljarane har vore nøyaktige nok når dei har gjort endringar. Det har også vore spørsmål om kva farge endringane er gjort med, seier Dalbakk.

Han stadfester også at det kan ha skjedd tilsvarande feil ved tidlegare val utan at det er vorte oppdaga.

Nasjonal sertifisering

Valforskar Dag Arne Christensen tek nå til orde for ei nasjonal sertifisering av teljeutstyret ved kommunevala.

— Fleire har ymta om eit slikt tiltak. Det blir sikkert eit tema når vi skal gjennomgå og vurdere røynslene frå dette valet, seier Dalbakk.

Han legg til at ein tidlegare hadde ei slik ordning, men at den vart oppheva for ein del år sidan. Grunngjevinga var at gjennomføringa av lokalvala vart rekna som kommunane sitt ansvar.