30 prosent tilleggskatt kan ikkje reknast som straff.

Dette er klart etter ei plenumsavgjerd frå Høgsterett i dag. Ein dommar dissenterte og meinte alminneleg tilleggskatt på 30 prosent er å rekne som straff som stenger for ytterlegare straffeforfylging etter den europeiske menneskerettskonvensjonen.

Det er ei vikting prinsippavgjerd som nå er klar frå Høgsterett.

Avgjerda inneber ei kursomlegging frå Høgsterett etter at domstolen i 2002 kom til at også vanleg tilleggskatt på 30 prosent var å rekne som straff. Dermed ville einkvar tilleggsskatt sette bom for vidare straffeforfylging i same sak.

Avgjerda frå 2002 har resultert i at ei lang rad skattesnytarar har sluppe unna straffeforfylging avdi dei var ilagd tilleggsskatt av likningsvesnet.

Dersom likningsvesnet vel å bruke forhøga tilleggsskatt på meir enn 30 og inntil 60 prosent, er det å rekne som straff. Det set bom for ytterlegare straffereaksjonar ifylgje den nye avgjerda frå Høgsterett.

Den konkrete saka galdt ein tannteknikar som hadde unnlate å levere sjølvmelding gjennom fleire år. Han vart difor skjønslikna og fekk ein tilleggsskatt på 30 prosent.

Sidan vart det gjennomførd bokettersyn hjå tannteknikaren. På denne måten kom det fram at omsetninga hadde vore langt høgare enn det likningskontoret hadde lagt til grunn.

Etter dette vart han meld til politiet og tiltala for manglande reknskaposføring og skatteunndraging.

I januar 2006 vart han dømd til eitt års fengsel. Åtte månadar av straffa vart gjort betinga. Han vart også frådømd retten til å drive sjølvstendig næringsverksemd i fem år.

Etter avgjerda i Høgsterett blir denne dommen ståande.