TERJE ULVEDAL

Godkjenninga for så godt som alle dei rundt 17.000 utplasserte speleautomatane går ut ved nyttår. Berre eit par hundre gevinstautomatar har driftsløyve som går ut seinare, i første halvår 2005. Regjeringa har så langt stått hardt på at avviklinga av dei eksisterande automatane skal gjennomførast.

Stoppar EFTA-domstolen gjennomføringa av den nye regelverket der Norsk Tipping blir eineaktør, vil det bli svært langt mellom speleautomatane i kongeriket.

— I så fall kan det bli ein periode så og seie utan speleautomatar, stadfestar avdelingsdirektør Eivind Tesaker i Kulturdepartementet.

Usamde

Tesaker trur likevel ikkje det vil ende slik.

— Det normale i slike saker er at det til slutt blir opp til den enkelte nasjon om bestemme kva reglar som skal gjelde, seier han.

Det er ESA, EFTAs overvakingsorgan, som meiner stortingsvedtaket om å gje Norsk Tipping monopol på drift av speleautomatar er i strid med EØS-avtalen. I november skal Kulturdepartementet svare. Det norske svaret er gitt på førehand. Kulturminister Valgerd Svarstad Haugland vil kjempe med nebb og klør for monopolordninga, og regjeringa har alt kunngjort at dei er usamde i ESA-vedtaket.

På bakgrunn av svaret vil ESA bestemme seg for om dei skal føre saka inn for EFTA-domstolen. Då vil domstolen truleg straks gje saka oppsetjande verknad. Dermed stansar dei gjennomføringa av det nye regelverket til domstolen har trekt sin konklusjon.

— Det har domstolen heilt klart mynde til, seier Tesaker.

Ein endeleg dom vil ikkje falle før tidlegast hausten 2005.

Klare signal

Sjølv om departementet karakteriserer det som hypotetisk at kongeriket for ein lang periode kan bli utan speleautomatar, meiner andre kjelder Bergens Tidende har vore i kontakt med at eit slikt utfall er høgst realistisk.

Signala frå ESA har vore heilt klare like frå dei tok til å sjå på det norske automatmonopolet. Organet som overvakar at nasjonane held seg til EØS-avtalen, meiner dei sosialpolitiske måla som ligg bak det nye norske regelverket er akseptable, men kan ikkje akseptere at ei monopolordning er nødvendig. Avgjerda om at stortingsvedtaket er i strid med EØS-avtalen, kom ikkje som noko bombe på dei som har følgt saka. ESA har også signalisert heilt klart at dersom Norge nektar å rette seg etter vedtaket, vil dei gå til EFTA-domstolen for å få stoppa speleautomatmonopolet.

Dersom saka blir ført inn for EFTA-domstolen, vil det meir eller mindre automatisk føre til at utplasseringa av Norsk Tippings speleautomatar blir stoppa.

Uaktuelt å stoppe

I departementet avviser dei kategorisk at det er aktuelt å reversere på vedtaket om å fjerne dagens speleautomatar frå norske kjøpesenter og kioskar.

— Departementet har sagt heilt tydeleg frå om at avviklinga av dagens automatar skal gjennomførast, seier avdelingsdirektør Tesaker.

Han understrekar at dette vil bli gjennomført uansett om ESA fører monopolvedtaket inn for EFTA-domstolen:

— Dette er ein reform der hovudføremålet er å redusere problema med speleavhengigheit. På den bakgrunn er det jo ikkje noko problem at automatane blir borte for ein periode.

— Men vil ikkje dette kunne få store økonomiske konsekvensar for frivillige lag og organisasjonar som er avhengige av å få inntekter frå gevinstautomatane.

— Nei, vi har garantert at frivillige lag og organisasjonar som mister inntekter i 2005 skal få desse kompensert. Så det bør ikkje vere noko problem, svarar Eivind Tesaker.