Bistandsbudsjettet — ytingar til fattige land - aukar med 1,9 milliardar kroner, til 18,5 milliardar. Med det kjem den norske bistanden opp i 0,96 prosent av bruttonasjonalinntekta for Noreg.

13,3 milliardar av totalbeløpet på 18,5 går til langsiktige utviklingstiltak. Resten av beløpet går til krise- og naudhjelp, flyktningetiltak osv.

Fattigdom i Noreg

Tiltak mot fattigdom i Noreg aukar med 262,6 millionar kroner i høve til inneverande budsjett, til 1,6 milliardar kroner. 144,5 millionar av auken er heilårsverknader av tiltak som vart vedtekne i revidert budsjett i vår. Den faktiske auken er dermed 118 millionar.

Bistandsbudsjettet har auka med 6,1 milliardar kroner frå 2001 då Bondevik tok over som statsminister.

I 2002 var løyvingane til fattigdomstiltak, inkludert tiltak mot rus på 310 millionar kroner. For neste år er det sett av 1,6 milliardar til same føremål. I perioden 2002-2006 vil den samla innsatsen mot fattigdom og rus, kome opp i 4,9 milliardar kroner.

Brei allianse?

Skal ein ta dei to regjeringskonstellasjonane på ordet, skulle det vere ei smal sak å få til brei semje i Stortinget om ein felles politikk for å kome fattigdomsproblema i Noreg til livs. Programerklæringane er nemleg fine:

Den nye Regjeringa har varsla ein heilskapleg plan for avskaffing av fattigdom i Noreg. Planen skal mellom anna innehalde ein målretta politikk med tiltak for at flest mogeleg kan leve av arbeidsinntekt.

Dette er heilt i tråd med måla slik dei er formulert i budsjettframlegget frå den avtroppande Regjeringa. Her heiter det mellom anna:

«Vedvarende lavinntekt og påfølgende levekårsproblemer er i stor grad knyttet til manglende eller liten tilknytning til arbeidslivet. Regjeringens hovedstrategi for å forebygge fattigdom og hjelpe personer ut av fattigdom er å gjøre flere i stand til å forsørge seg selv gjennom eget arbeid.»

I budsjettframlegget frå Bondevik er det blinka ut tiltak for å betre arbeidslivstilknytinga for personar som står heilt eller delvis utanfor arbeidsmarknaden. Det er også lagt opp til betre målretting av velferdsordningar. Siktemålet er at slike tenester og kontantytingar samla verkar til at den einskilde får den hjelp og oppfølging som trengst for å kome i arbeid. Det blir vidare lagt opp til tiltak som skal hindre sosial utstøyting som heng saman med fattigdomsproblem.

Vrir u-landshjelpa

På det internasjonale planet vil Regjeringa vri ytingane slik at ein større del av hjelpa går til dei fattigaste landa. I budsjettframlegget er det lagt opp til at i 2010 vil 70 prosent av dei langsiktige tosidige ytingane gå til låginntektsland.

I 2006 vil Regjeringa auke ytingane til land i Afrika med ein milliard kroner gjennom tiltaket «Eit løft for Afrika».

SV-representanten, Audun Lysbakken, seier til Bergens Tidende at dei komande regjeringspartia er nøgde med målsetjinga frå Bondevik-regjeringa om auke i bistanden til dei fattige landa til ein prosent av brutto nasjonalinntekt i løpet av stortingsperioden. Det er også fastslege i den nye regjeringsplattforma. Men for å få det til, må løyvingane aukast meir enn det Bondevik-regjeringa nå gjer. Framlegget vil auke løyvingane med 0,01 prosent.

Vil endre profilen

Lysbakken seier at dei nye regjeringspartia er negative til den dreiinga som har skjedd i retning av at ein større del av bistanden går via Verdsbanken.

— Vi ønskjer at ein større del skal gå gjennom FN-systemet. Frå SV si side er vi derimot positive til at ein stor del av bistanden går gjennom frivillige organisasjonar framfor direkte til statar. Bidrag gjennom frivillige organisasjonar treffer ofte befolkninga som treng utviklingshjelp, betre enn tiltak via staten, seier Lysbakken.

— Når det gjeld tiltak mot fattigdom her heime, synest vi framlegget frå den avgåande regjeringa verkar puslete. Vi er overraska over nivået med bakgrunn i dei sterke utsegnene frå ikkje minst statsminister Bondevik om ønskje om å gjere meir for å avskaffe fattigdomen. Over halvparten av auken det blir gjort framlegg om neste år, ligg dessutan inne gjennom endringane i revidert budsjett i vår. Vi er også i tvil om effekten av midlane sidan tiltaka er spreidde med små beløp på ulike departement, seier Lysbakken.

INGEN SMÅPENGER: Statsminister Kjell Magne Bondevik har gjentekne gongar uttala at han gjerne vil gjere ein innsats for verdas fattigste når han måndag forlet norsk topp-politikk. Bondevik går ikkje rundt med pengar på seg og hadde ingenting å gje tiggaren Per i Akersgata då han i går gjekk tilbake til kontoret etter at statsbudsjettet var presentert i Stortinget. Her flankert av politisk rådgjevar Øistein Mjærum (t.v.) og statssekretær Gunnar Husan. FOTO: HÅVARD BJELLAND