I tillegg meiner partia, Ap, Sp og SV, at miljøkortet må innførast på Askøybrua, seinast frå årsskiftet.

Kristeleg Folkeparti står på vippen i saka.

Torill Vebenstad, Ap si talskvinne i samferdselssaker, meiner trafikktala støttar deira standpunkt. Samferdsleutvalet fekk onsdag oppdaterte trafikktal på bordet.

— Dei viser at auken i biltrafikken over Nordhordlandsbrua ikkje var i større ved utgangen av juni enn ved utgangen av april, ca. 22 prosent. Tala viser og at der er litt auke i talet på selde miljøkort, og at fleire reiser med bussen mellom Knarvik og Bergen. Dermed har vi nådd målet som vi sette oss då vi innførde miljøkortet, seier Torill Vebenstad til Bergens Tidende.

Bente Bondhus, Sp, støttar Vebenstad sitt syn.

— Vi kan ikkje gje oss no. Legg vi ikkje til rette for bruk av kollektivtrafikken, vil ikkje folk bruka han, seier Bondhus.

KrF, som ikkje tilhøyrer opposisjonen, meiner og at miljøkortet må haldast oppe. Men både Grethe Lunde og Pål Kårbø, båe frå Nordhordland, understrekar at Bergen kommune kom spela med, slik at det, i alle fall gradvis, vert lågare takstar over heile fjøla.

— Særordningar for eitt eller to distrikt er problematisk i lengda, seier Pål Kårbø.

Fleirtalspartia Høgre og Frp er derimot meir skeptiske til å halda fram med miljøkortet.

— Eg synest ikkje trafikktala frå det fyrste halvåret med miljøkort over Nordhordlandsbrua er overtydande nok, seier Høgres Stein Inge Ryssdal.