SV har mista kvar tredje veljar i Hordaland sidan mai. Oppslutninga til partiet har gått ned frå 19,1 til 12,9 prosent, viser meiningsmålingane Norsk Respons har gjort for BT.

No viser tal frå eit eige veljarpanel at SV sidan mai først og fremst har tapt veljarar til regjeringskollega Arbeiderpartiet.

Medan 1200 hordalandsveljarar gjekk frå Ap til SV, gjekk heile 5700 andre vegen. Netto tap til Ap var med andre ord 4500 veljarar.

Ytterlegare 1500 har gått til Senterpartiet, medan 2000 har gått til RV. Den nest største gruppa (2500) har likevel gått til heimesitjarpartiet.

Lite flyt mellom blokkene

Men det er ikkje berre SV som taper til regjeringspartnarar. Høgre mister òg flest stemmer til Venstre og KrF, sjølv om det gjeld færre stemmer enn for SV. Høgre taper òg stemmer til Frp.

— Det er eit interessant trekk ved denne undersøkinga at overgangane i stor grad skjer mellom partia i kvar av blokkene. Naturlegvis er det unntak, men dei store overgangane skjer der, seier seniorkonsulent Idar Eidset i Norsk Respons.

Panelet er spurt om kva dei stemte i 2001 òg. Fram til våren 2005 var det, i motsetning til i sommar, mange som bytta parti på tvers av blokkene.

Mellom anna henta SV 2600 stemmer frå Venstre og 2200 stemmer frå KrF, stemmer dei to borgarlege partia ikkje har fått tilbake i sommar.

Frp-veljarane meir utru

— Eit anna interessant trekk er at tre parti lek veldig til «usikker»-gruppa: SV, Høgre og Frp, seier Eidset.

Spesielt gjeld det Frp, der 9600 veljarar er blitt tvilarar sidan i mai, medan 3300 tvilarar er blitt Frp-veljarar.

— Det interessante med Frp er at det hadde blitt eit parti med veldig høg lojalitet blant veljarane. Det har no snudd på målingane i august. Tidlegare var 90 prosent av veljarane lojale mot partiet. Det har no sokke til 60-talet. Dei lek til alle parti, men mest til dei som set seg på gjerdet, seier Eidset, som trur Hagens hardkøyr mot Bondevik kan ha verka inn.

Av dei andre partia er det likevel ikkje KrF, men Høgre, som stel mest stemmer frå Frp.

Tvilarane går til Ap

Medan SV går tilbake, er Arbeiderpartiet i framgang. Men det er ikkje berre frå SV dei nye Ap-veljarane kjem. Panelundersøkinga viser at partiet hentar flest frå tvilarane, det vil seie dei som tidlegare var usikre.

— Dette er eit klassisk teikn på eit parti som er i medvind. Dei mobiliserer som regel mange heimesitjarar.

— Veit vi kven desse heimesitjarane er - er det folk som tidlegare har stemt Ap?

— Mange er nok klassiske heimesitjarar som òg sat heime i 2001. Det er ofte farleg å ha mange veljarar i denne gruppa, fordi dei på valdagen har ein tendens til å bli heime, seier Eidset.