Fylkespolitikarar både i og utanfor regjeringspartia er ille til mote etter at regjeringa i går ettermiddag vedtok å skrinleggja så å seia heile regionreforma. Men ein del statlege oppgåver vert likevel overførte til fylkeskommunane som i framtida får dei same administrative grensene som i dag.

— Dette er ein siger for sentraliseringa, og attpåtil med Senterpartiet sitt stempel. Snakk om reform, og for eit mageplask! tordnar Torill S. Nyborg (KrF) som hadde sett for seg noko heilt anna enn det som no er presentert.

Ho tykkjer ikkje berre synd på senterpartifolk, men også på arbeidarpartifolka her i Hordaland som har lagt seg så sterkt i selen for å få regionar i staden for dei noverande fylkeskommunane.

— Både for Åslaug Haga og for Magnhild Meltveit Kleppa må dette vera ein trist og svart dag, etter at dei gjekk så høgt på barrikadane for å setja regiontanken ut i livet, seier fylkesordføraren.

Sterk motstand

— Motstanden omkring i fylka vart dessverre for stor. Derfor vil ikkje regjeringa gjera framlegg om noko endring av fylkesgrensene, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp).

Dermed vert den administrative inndelinga av landet i 19 fylke akkurat som før, med like mange fylkeskommunar.

— Vi vil med andre ord ikkje teikna noko nytt Noregskart, med mindre dei nye fylkestinga sjølv tek initiativ, legg statsråden til.

Regjeringas kapitulasjon grunngir ho slik:

— Den førre høyringsrunden viste rett nok at eit fleirtal av fylkestinga ville ha nye grenser. Men det ville ikkje fylka som grensa attåt. Både Hordaland, Akershus og Sør-Trøndelag var blant dei som ville endra grensene for å få større regionar, det same galdt Troms som såg for seg ein stor Nord-Noreg-region. Men i tilfellet Hordaland såg vi at både Rogaland i sør og Sogn og Fjordane i nord gjekk imot å bli del av ein større region.

- Sterkare fylkeskommune

— Er ikkje dette ei fallitterklæring for både deg og Senterpartiet og alle andre som har ivra så sterkt for regionreforma?

— Nei, eg ser det ikkje slik, for fylkeskommunen blir sterkare, med eit større ansvar for både forsking, samferdsel, opplæring og næringsutvikling. Dette er ei reell overføring av oppgåver til regionalt nivå. Men eg skal innrømma at eg gjerne skulle ha sett at endå fleire oppgåver vart overførte, seier Magnhild Meltveit Kleppa som no sender lista over oppgåver ut til høyring hos fylkestinga, med frist til 30. april.

Ottast Høgre og Frp

— Eg er svært vonbroten, seier Magnar Lussand som er Senterpartiets gruppeleiar i Hordaland fylkesting. Han har lenge ivra for at landet skulle bli delt inn i fem-seks store regionar. Han har alltid vore tilhengar av ein Vestlandsregion som skulle femna om både Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

— Dette er noko trist, for vi er mange i mitt parti som har vore gjennom ein krevjande prosess med oss sjølve. Dette vart jo presentert som ei demokratireform.

No er eg redd for framtida til fylkeskommunen. Den vil ikkje ha store sjansen dersom Høgre og Frp får makta og viljen sin, seier Lussand.

MOTSTAND: Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) gav etter for den store motstanden mot regioninndeling. ARKIVFOTO: SCANPIX