Dette har riksadvokaten bestemt etter at Høgsterett 8. november oppheva den fellande dommen, opplyser førstestatsadvokat Marit Bakkvig ved Oslo statsadvokatembete til Bergens Tidende.

Riksadvokaten har kome til at sidan det har gått meir enn to år sidan kakekastinga skjedde, ville mannen i dag ha sluppe med betinga fengsel om saka vart fremja på ny.

— For dårlege

— Det ville ikkje vore aktuelt å påstå ubetinga fengsel om saka skulle kome opp på ny, seier Bakkevig.

Difor har riksadvokaten kome til at det er mest fornuftig å avgjere saka med ei påtaleunnlating.

Bakkevig stadfester at denne utgangen er eit resultat av at Høgsterett meinte domsgrunnane frå tingretten var for dårlege.

Høgsterettsdommar Lars Oftedal Broch, som dissenterte i Høgsterett, meinte for sin del at domsgrunnane var tilstrekkelege til å døme.

Til evig tid

Det blir dermed inga ny straffesak mot kakekastaren med mindre han sjølv skulle krevje å få saka opp for retten.

Påtaleunnlatinga vil stå i strafferegisteret for evig og alltid.

I høve tilssignaleffekten ved at kakekastaren slepp ein ubetinga reaksjon, seier Bakkevig:

– Det viktige er at vi har fått selege fast at det her er snakk om ei handling som blir råka av denne paragrafen, paragraf 99 i straffelova. Vi for vår del meiner og meinte at han hadde utvist tilstrekkeleg skuld til å bli domfelt. At fleirtalet i Høgsterett meinte at domsgrunnane ikkje var tilstrekkelege, må vi berre ta til etterretning, seier Bakkevig.

Bjørn Sigurdsøn / SCANPIX