• Det har vore ei veke med tårer og vondt, sa miljøvernminister Knut Arild Hareide til Hordaland KrF sitt årsmøte då han omtalte parlamentarisk leiar Jon Lilletuns alvorlege sjukdom.

Statsråden frå Bømlo, som står på tredjeplass på Hordaland KrF si stortingsvalliste, avslutta ein flammande appell til delegatane med merknaden om Lilletun. KrF sentralt meddelte fredag at den 59-årige vossingen er sjukmeld på ubestemt tid.

Før debattane på fylkesårsmøtet på Stord i går, møtte Hareide og fylkesordførar Torill S. Nyborg to representantar frå Natur og Ungdom. Pernille Hansen og Erik Natvig spanderte kake for å få KrF til å hindra bygginga av forureinande kraftverk.

— Kristeleg Folkeparti har enno høve til å stansa det første gasskraftverket som er planlagt på Kårstø, seier Natvig og Hansen.

— Kårstø skal vi vurdera til våren. Det er usikkert om det blir lønsamt totalt sett, sjølv om vi går inn med delfinansiering av reinsetiltak, seier Knut Arild Hareide.

Fylkesårsmøtet i KrF sa eit rungande nei til ei eventuell ny folkerøysting om norsk EU-medlemskap i to fasar, først ei om Noreg skal søkja om forhandlingar, og deretter ei om godkjenning eller forkasting av forhandlingsresultatet.

— To avrøystingar blir som ein motorveg inn i EU, er det sagt. Landsstyret har sagt ja til dette, og det blir ei kampsak på landsmøtet. Har vi først fått ein god avtale og brukt millionar av kroner på det, så blir det i neste omgang svært vanskeleg å seia nei, sa avtroppande stortingsrepresentant Anita Apeltun Sæle.

— Vi skal ha berre ei ny EU-avrøysting. Men resolusjonen vår må ikkje ha brodd mot ja-folka i partiet, åtvara KrF-veteran Hans Olav Tungesvik.

Etter EU-debatten blei det også eit heftig ordskifte om framlegget frå Fyllingsdalen KrF om at ei ikkje-sosialistisk regjering skal vera det overordna målet for KrF. Etter åtvaringar frå mange, blant andre Knut Arild Hareide, blei ordet «overordna» stroke, og framlegget blei oversendt fylkesstyret.

Fylkesårsmøtet blei avslutta med valkampstart, «kick-off» for stortingsvalet, og eit lite multimediashow med toppkandidatane Laila Dåvøy, Ingebrigt Sørfonn og Knut Arild Hareide.

— Det blir ein valkamp med KrF i sentrum. Våre verdiar går ikkje berre på kroner og øre. Vi må vera veldig medvitne på kva som er KrF sin politikk og på at vi er eit sentrumsparti, sa Knut Arild Hareide.