VIDAR YSTAD

Landsstyret, som er samansett av representantar frå SV til Frp, via regjeringspartia, slår fast at skattesvikten for kommunane dei siste to åra har vore nær seks milliardar kroner. Konsekvensen vil vere ein reduksjon av servicetilbod i mange kommunar.

Med dette som bakgrunn meiner KS det er behov for ei ekstraløyving av frie midlar på minst 2,5 milliardar kroner, ut for Regjeringa sitt framlegg. Regjeringa har plussa på ein milliard kroner.

Kommunane vil ifylgje KS få ei ekstrautgift på 1,4 milliardar kroner berre som fylgje av endringar i alder, helse og busetting hjå innbyggarane (demografi).

Det er også kalkulert med at endringar i sjukelønsfinansieringa, som Regjeringa har gått inn for, vil påføre kommunane ei meirutgift på 300 millionar kroner neste år. KS seier det er heilt urealistisk at kommunane skal kunne spare inn eit slikt belp gjennom redusert sjukefråver i løpet av 2005.

Samstundes er det rekna ut at kommunane har eit etterslep i vedlikehald på heile 40 milliardar kroner.

KS krev nå at alle statlege reformar blir fullfinansiert. Kommunane er leie av at Stortinget vedtek ei rad reformar som pålegg kommunane meir ansvar og store utgifter, utan at det fylgjer nok pengar med til å dekke meirkostnadane.

KS peikar nå på at momsreformen, barnehagereformen og utdanningsreformen må fullfinaniserast. KS meiner barehagereformen ikkje er fullfinansiert.

KS bed nå Stortinget pålegge Regjeringa å utarbeide ein gjensidig forpliktande opptrappingsplan for å rette opp den økonomiske ubalansen i kommunane i løpet av to-tre år. KS vil at kommunane skal forplikte seg til å gjennomføre effektiviseringstiltak medan Regjeriga på si side må bidra med tilstrekkelege inntekter slik at ubalansen kan avviklast.