Samstundes varslar han «reformpause» i straffelovgjevinga. Han har ingen planar om å fremje konkrete endringar i straffelova. Neste år vil han legge fram ei melding for Stortinget om hovudprinsippa i innstillinga frå straffelovkommisjonen. I 2005 vil han kome med framlegg til ny straffelov.

Lovregulere

— Eg er oppteken av å lovregulere politimetodane. Det inneber mellom anna at eg ikkje har planar om å gje politiet høve til utvida bruk av infiltrasjon og provokasjon i kriminelle miljø. Eg er derimot oppteken av å lovfeste dei metodane som i dag er nedfelt i rundskriv frå riksadvokaten og rettspraksis. Difor vil eg sette ned ei gruppe som skal førebu denne lovreguleringa, seier Dørum til Bergens Tidende.

For få dagar sidan vart Dørum kritisert gjennom to artiklar i Bergens Tidende. Strafferettsadvokaten Frode Sulland kritiserte Dørum for å ha annektert ein Frp-politikk. Og Einar Førde skreiv at Dørum risikerer å gå inn i historia som den mest ettergjevande justisministeren i moderne tid når det gjeld medverknad til å få gjennomførd krav frå politiet.

- Tilfeldigvis justisminister

Dørum kjenner seg ikkje att i kritikken.

— Det eg meiner, har eg stått for i ei årrekkje. Eg veit at folk har tildelt meg merkelappar, men eg har ikkje tenkt å kvittere på same måten.

Dørum har vore sterkt oppteken av det som går under merkelappen «organisert kriminalitet».

— Har vi eigentleg organisert kriminalitet å snakke om her til lands?

— Vi har nok til at vi skal ta det på alvor. Vi har organiserte ransmiljø, organiserte MC-kriminelle, omfattande narkotika- og spritkriminalitet og vi har menneskehandel og sal av prostituerte. Vi opplever også at folk som kjem i konflikt med desse miljøa blir truga på livet. Eg er tilfeldigvis justisminister i ei tid då denne kriminaliteten slår ut her i landet. Rettsstaten må ha skikkelege verkemiddel for å verje seg mot den organiserte kriminaliteten. Og eg er oppteken av at regelverket skal vere der før utviklinga ramlar i hovudet på oss, seier Dørum.

Han meiner vi ikkje kan avfinne oss med at vitne blir truga på livet, at politifolk får bremseslangen på bilen sin kutta over, eller bustaden sin påtent.

— Dette handlar om ytterpunktet av kynisk organisert kriminalitet. Samstundes er eg oppteken av å fange opp barn og unge i nærmiljøet for å unngå at dei blir involvert i kriminalitet, seier Dørum.

Nei til væpning

Dørum er blitt kritisert for å innføre nye og utvida politimetodar, blant anna utvida telefonavlytting og elektronisk sporing. Mange har sett på dette som «grenseoverskridande» og integritetskrenkjande. Det avviser Dørum. Han slår fast at den europeiske menneskerettskonvensjonen ligg i botnen for alle metodar og verkemiddel som har kome i hans tid.

— Vil du væpne politiet?

— Definitivt ikkje. Eg held på den lina vi har. Norsk politi skal ha eit sivilt preg. Det er så godt utdanna og trena at det løyser nesten alle oppgåver utan væpning. All forsking og erfaring syner at norsk politi står seg betre og pådreg seg mindre skade enn det væpna politiet i Sverige gjer.