VIDAR YSTAD

I eit brev av 15. april i år til departementet skreiv fylkesmannen mellom anna at «systemet med kontroll av salæroppgaver i asylsaker ikke virker på en tilstrekkelig god måte».

«Virker ikke fullgodt»

Fylkesmannen skreiv vidare: «Oppnevning av advokat fra UDI's side og deretter skifte av advokat er også en gjennomgående erfaring. Første advokat benytter jevnlig to timer og et kvarter i disse sakene slik at full stykkpris skal utbetales. Neste advokat skal honoreres skjønnsmessig. Vi har forståelse for at det kan være vanskelig å finne et tilstrekkelig godt system i disse sakene, men finner likevel grunn til å påpeke at systemet ikke synes å virke fullgodt i praksis ».

Fylkesmannen reiste saka i brev av 28. august i 2000 og har seinare teke spørsmåla opp munnleg fleire gongar, opplyser seksjonssjef Merethe Helstad hjå fylkesmannen til Bergens Tidende.

«Regelmessig problem»

Departementet vedgjekk skriftleg i september 2000 «at det regelmessig oppstår problemer i forbindelse med skifte av advokat i asylsaker».

Informasjonssjef Geir Løndal i UDI opplyser til Bergens Tidende at det skjer skifte av advokat i rundt halvparten av alle asylsaker som blir behandla.

I år er det stipulert med om lag 18.000 asylsaker.

I går uttala fylkesmannen i Oslo og Akershus, Hans J. Røsjorde, til Bergens Tidende at kontrollordningane i asylsakene er for dårlege.

— Mange opningar for snusk

Fylkesmannen i Hordaland, Svein Alsaker, er også svært kritisk til dagens system. Til Bergens Tidende seier han:

— Det er heilt klart at det er for mange opningar for snusk. Vi må få eit system som hindrar manipulasjon, klientkapring ved asylmottaka og anna snusk. Eg støttar fullt ut kravet om å få tilbake det gamle systemet med tildeling av asylsaker gjennom ei vaktordning for advokatar. Då kan ein få tildeling av klientar på ein objektiv måte. Ein må også kome vekk frå systemet med automatisk stykkprisbetaling. Det er inga meining i at ein advokat får 50 klientar med same bakgrunn i ein jafs.

Alsaker gjer det klart at det lenge har versert rykte om snusk omkring advokat- og tolkeoppdrag i asylsaker.

— Kontrollapparatet må ta dette inn over seg. Det gjeld alt frå Kommunaldepartementet og UDI til fylkesmennene. Det er nok av bjøller som har ringt om korleis advokatar og tolkar opptrer på asylmottaka, seier Alsaker.

Klientkapring

Informasjonssjef Løndal stadfester overfor BT at somme advokatar skil seg ut med å kapre klientar frå andre advokatar. Kven desse advokatane er eller kor mange dei er, vil han ikkje ut med.

Interessant er det då å få opplyst at «asylkongen» framfor kanskje nokon annan, advokat Trygve Tveter, hittil i år har hatt 300 asylsaker. Ingen av desse sakene eller klientane har han fått tildelt frå eller gjennom UDI. Dei syns han har for mange saker som han har.

Fleire kjelder kunne i går fortelje om advokatar som nyttar tilbod om mobiltelefon og kontantkort som lokkemiddel overfor asylsøkjarar dersom dei skiftar advokat.

Advokatlista

UDI har ei liste på 100 namn over advokatar som dei gjev oppdrag i asylsaker. Berre 10 av desse er heimehøyrande utanfor Oslo-området. Av desse er fem heimehøyrande i Drammen, ein i Stavanger, to i Bergen og to i Trondheim.

Både Trygve Tveter og Edmund Nygård, som begge har bakgrunn frå UDI, står på lista. Advokatfullmektig Terje Tune, som også har bakgrunn frå UDI, og som nå er ille ute, har også ynskt å få stå på lista. Men det har UDI avslege fordi forholda han vart etterforska for for drygt to år sidan, ligg for nær i tid, opplyser Løndal.

Både Tune og Nygård er nå under etterforsking av Oslo-politiet. Nygård figurerer med heile 159 saker i første halvår og er med det fjerdemann på lista over flest asyloppdrag i år.