TERJE ULVEDALFørde

— Når rasisme som den vi har opplevd i det siste er eit faktum, må det vere heilt korrekt av påtalemakta å prøve og ta vondet ved rota, seier Svein Slettan, førsteamanuensis i strafferett ved Universitetet i Oslo.

Same oppfatninga har Jan Fridthjof Bernt, jus-professor ved Universitetet i Bergen:

— Det er nettopp Riksadvokatens oppgåve å gje styringssignal. Riksadvokaten skal gje signal om at straffer skal skjerpast eller om det motsette.

Inga stemningsbølgje Både Slettan og Bernt gjer klart at dei ikkje deler synet forsvarsadvokatane har forfekta, nemleg at stats- og riksadvokat har kasta seg på ei stemningsbølgje.

— Det er nettopp påtalemaktas jobb å forhalde seg til det som skjer i samfunnet. Utviklinga vi har sett når det gjeld rasisme, gjorde det i høgste grad på sin plass at påtalemakta føretok ei ny vurdering av tiltalespørsmålet for dei to ungdommane, meiner Svein Slettan.

— Eit av grunnprinsippa i det norske rettssystemet er at det ikkje skal takast ut tiltale, utan at påtalemakta er sikre på at bevisa er gode nok. Har ikkje forsvarsadvokatane då eit poeng i at påtalemakta ikkje kan vere sikre på bevisa held?

Prøvesak til Høgsterett - Det må vere heilt legitimt av påtalemakta å prøve ein paragraf i straffelova, for å sjå om denne er dekkande. Denne saka kjem sikkert til å ende i Høgsterett, og då vil vi få eit svar på om straffebodet held i ei slik sak.Slettans oppfatning vert langt på veg delt av ein av nestorane i det norske jusmiljøet, professor Johs. Andenæs.

— Rasismeparagrafen krev at dei rasistiske utsegnene må vere sett fram offentleg. Det er nok her påtalemakta kan få problem med bevisføringa i rettsalen. Men når statsadvokaten er usikker på om bevisa held, kan det vere korrekt å reise ei prøvesak, kommenterer Andenæs.