Siktemålet er å få Vanunu ut av Israel og til Noreg. Bak oppropet står ei rekke kjende professorar, advokatar og dommarar. Mellom desse er høgsterettsdommar Ketil Lund som i 1994-96 leia granskinga av dei hemmelege tenestene.

Vanunu stilte til nettmøte på bt.no forrige måned: Sjekk hva han svarte

Oppropet munnar ut i tre krav som initiativtakarane meiner Regjeringa bør gjennomføre snarast:

  • Regjeringa må instruere Utlendingsdirektoratet (UDI) om å treffe vedtak om å gje Vanunu opphalds— og arbeidsløyve på grunnlag av reglane om overføringsflyktningar.
  • UDI må samstundes instruerast til å gje Vanunu norsk utlendingspass. Det vil gje Vanunu høve til å reise til Noreg utan å ha israelsk pass.
  • Styremaktene må deretter orientere Israel om at Vanunu har fått opphalds- og arbeidsløyve i Noreg. Deretter vil Vanunu få overlevert dokumenta som fortel om vedtaket og utlendingspass. Samstundes må styresmaktene oppmode Israel om å la Vanunu få reise til Noreg.

«Gjennomføring av denne trepunktsplanen vil vise at Norge tar menneskerettskrenkelser alvorlig også når de skjer i et land vi har nære forbindelser med.», heiter det mellom anna i oppropet.