Ifølgje Tollvesenet har juksinga skjedd ved at det er oppgjeve for låge verdiar på hestane. Dermed er også momsgrunnlaget blitt altfor lågt.

Slepp straffeforfølging

Men Tollvesenet er redd for at straffeforfølging vil bli råka av forbodet mot dobbel straff etter den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). Tollvesenet har nemleg vald å prøve å inndrive den avgifta som ikkje er betalt, eventuelt med tilleggsavgift, framfor å melde sakene til politiet.

Dette opplyser toll— og kontrollsjef, Stian Brøyn, i Buskerud, Vestfold og Telemark tolldistrikt til Bergens Tidende.

Denne vurderinga blir delt av Oslo og Akershus tolldistrikt som også har gjennomførd importkontroll.

Ein meld til politiet

Distriktet har likevel nyleg meld ein hesteimportør til politiet, opplyser seksjonssjef Thomas Haraldsen, til Bergens Tidende. Han vil ikkje gje nærare opplysningar om saka.

I Brøyn sitt distrikt er importen av 500 travhestar som er tekne inn til Noreg i åra 2000-2002, undersøkt. Hestane kjem i hovudsak frå USA og Sverige. Det er konkludert med at det er feil oppgåver i 75 av tilfella. Samla avgiftsunndraging skal vere om lag fem millionar kroner. Det gjev eit snitt på vel 66.000 kroner.

Oslo og Akershus tolldistrikt har gjennomførd kontroll av eit 50-tals hesteimportar. Det gjeld hestar til sprangridning, dressur og private ridehestar. Hestane er importert i åra 1998-2003.

— Vi har konkludert med at det er oppgjeve for låge verdiar ved om lag 25 av importane. Og vi meiner det er betalt 850.000 kroner for lite i avgift, som vi gjer framlegg om blir inndrivne, opplyser Thomas Haraldsen til Bergens Tidende. Han er seksjonssjef ved bedriftskontrollen i Oslo og Akershus tolldistrikt. Det vil også bli plussa på eit administrativt tillegg.

Det er funne feil ved alle kategoriar hestar, opplyser Haraldsen.

Store variasjonar

Kor mykje som faktisk er unndrege, varierer mykje frå hest til hest. Korkje Brøyn eller Haraldsen vil seie noko om kor høge tilleggssatsar som faktisk er nytta.

På toppen kjem tilleggsavgifter ut frå vurdering av kor alvorleg den einskilde saka er, om det har skjedd aktlaust eller med forsett/overlegg. For aktlaus overtreding av regelverket kan det nyttast ein tilleggssats på 0-30 prosent. Ved grovt aktlaus eller forsettleg overtreding kan satsen vere 30-60 prosent.

Svært mange av dei som er «tekne» av tollinspektørane, har nå fått varsel om vedtak med høve til å uttale seg før vedtaket blir gjort. Det kan føre til at vedtaket blir annleis enn varsla. I neste omgang har dei rett til å klage til Tolldirektoratet over vedtaket.

Buskerud, Vestfold og Telemark Tolldistrikt er nå i gang med å kontrollere også spranghestar, ridehestar og dressurhestar.

— Dette er eit tidkrevjande og omfattande arbeid. Det er uråd å seie når vi kan vere ferdige, men det er alt nå klart at det er tilsvarande feil her som for travhestane, seier Brøyn.