Dei to statsrådane slo fast at dei vil ha eit opnare UD, i alle ledd. Det skal gjelde både i forhold til omverda, men også internt. Dei vil framelske at avvikande syn og motforestillingar kjem fram i UD-systemet.

Som eit klart teikn på det, var pressa invitert til møtet under innleiingane frå dei to statsrådane. Bodskapen var klar:

Strålande nøgd

Innspel, synspunkt og framlegg frå saksbehandlarane skal fram og opp. Det skal vere slutt på at slike innspel blir «silt vekk» i hierarkiet på veg til leiinga. Tilrådingar skal ikkje skrivast ut frå ei vurdering av kva leiinga ynskjer å høyre. Tvert om vil den nye leiinga også la saksbehandlarane som sit på fagkunnskapen, få kome til orde.

Hovudverneombod Betzy Tunold og fagforeiningsleiarane Kåre Stormark i Norsk Tenestemannslag og Lars Andersen i Akademikerne seier alle til Bergens Tidende at dei er strålande nøgde med bodskapen frå dei to statsrådane.

Det er ikkje mange år sidan det i UD sat ein minister som gav ope uttrykk for at «livet er for kort til å bruke tid på administrasjonen i UD».

— Som musikk

— Det eg fekk høyre på møtet i går lydde som musikk i mine øyre. Og eg er glad i musikk. Dette har vi venta på så lenge. Endeleg blir draumen oppfyllt, seier Tunold.

— Det er noko heilt nytt at den politiske leiinga i departementet gjev klart uttrykk for at ein er oppteken av organisasjon og administrasjon i UD. Signala vi fekk var svært positive. Vi gler oss til oppfylginga, seier Stormark.

— Begge statsrådane gav uttrykk for at dei legg stor vekt på informasjonsflyt og deling av informasjon og at motforestillingar skal kome fram. Dette er nytt og veldig nyttig, seier Stormark.

Støre gav i går uttrykk for at han har som ambisjon at UD-tilsette skal gle seg så mykje over å jobbe i UD at dei syner det på veg til jobben, anten dei går, syklar eller køyrer i svart limousin. Han hausta applaus.

Erik Solheim slo fast at den nye leiinga ikkje ynskjer å føre vidare «den overdrevne mappekulturen» som han har erfaring med gjennom fem år i UD: der det blir laga omfattande rapportar om likt og ulikt før møte med andre lands representantar.

Beskjeden var eit klart spark til innarbeidde rutinar som har prega skiftanmde regime i UD.

På Stoltenbergs kontor

Støre kunne også avsløre at far til statsminister Jens Stoltenberg, tidlegare utanriksminister Thorvald Stoltenberg, har fortalt at i hans tid i departementet måtte dei som ville gjere karriere i UD sjå Dagsrevyen saman med utanriksministeren på kontoret hans i UD.

— Den tida er forbi. Tilsette i UD må gjerne sjå Dagsrevyen på kontoret mitt, men då er ikkje eg der. På normale arbeidsdagar vil eg då vere heime eller på sidelina på fotballbanen der poden sparkar fotball. Eg har tenkt å halde utanriksråden personleg ansvarleg for at eg får høve til å ete middag heime fleire dagar i veka, kunngjorde Støre til jubel frå forsamlinga.

ALL-MØTE I UD: Den nye utanriksministeren Jonas Gahr Støre (Ap) ønskte UD-staben velkomen til all-møte i Vika kino i går. Den store kinosalen var fyllt til trengsel. HÅVARD BJELLAND (foto)