Samstundes går Framstegspartiet langt i å lova fleirtal på Stortinget for 50 friske millionar til tunnelen.

Men prisen kan fyka opp att til 520 millionar dersom ordførar Bjarne Berge i Kvinnherad får viljen sin. Berge seier til BT at han ikkje vil ha veg gjennom bygda Nordrepollen. Berge sitt val betyr at tunnelen vert ca. 1 km. lenger, og kostar 40 millionar kroner meir. I neste veke skal formannskapet i Kvinnherad uttala seg om kvar vegen skal gå. Berge vil ikkje spå utfallet.

Hol på 135 millionar

Alt som skulle til for å få ned prisen på Jondalstunnelen, var ei melding frå regionvegsjef Ole Chr. Torpp til Hordaland fylkeskommune om at tunnelen kan byggjast 8 meter brei i staden for 8,5 meter.

Dermed har avstanden mellom fylket sin opphavlege finansieringsplan på 335 millionar og vegvesenet sitt overslag på 508 millionar minka frå 173 millionar kroner til 135 millionar kroner.

Det er framleis mykje pengar, men dagleg leiar i Hardangervegen AS, Eilev Instanes, har tru på at dei skal få endane til å møtast.

Næringslivet er med

— Vi har fått lovnad frå alle dei store bedriftene i regionen vår om at kompensasjonen for auka arbeidsgjevaravgift kan nyttast til tunnelen. Enno veit vi ikkje kva slags summar det er snakk om, men mykje pengar er det i alle fall. Så der kjem vi langt om ordninga kan gå over nokre år. I tillegg reknar vi med at vi vil få ein del av konsesjonskraftmidlane som ikkje går til Hardangerbrua, seier Instanes.

Tomrommet i finansieringa kan då minka kraftig, om ikkje formannskapet i Kvinnherad vel ein tunnel som kostar 40 millionar kroner meir enn det billegaste alternativet.

Opposisjonen har pengar

Dei 50 millionar kronene frå staten som skal gå til overgangsordninga for store fylkesvegprosjekt synest så langt sikra. På eit møte tysdag sa rett nok samferdsleminister Torild Skogsholm til utsendingar frå Hardanger at regjeringa ikkje har 50 friske millionar til tunnelen. Pengane må hentast frå riksvegramma som Stortinget løyver til Hordaland fylke i statsbudsjettet, sa Skogsholm.

Men under tidlegare handsaming av Jondalstunnelen har Ap, SV og Sp gått inn for at Stortinget skal finna 50 millionar kroner utanom riksvegløyvingane til Jondalstunnelen. Men for å få fleirtal, treng dei tre opposisjonspartia hjelp frå det fjerde, nemleg Framstegspartiet. Frp har lenge vore nære på.

— No kan eg bortimot lova at vi skal vera med på å gje 50 millionar kroner til Jondalstunnelen, og dei pengane skal ikkje takast frå riksvegløyvingane, seier Kenneth Svendsen, som sit i samferdslekomiteen for Frp, til Bergens Tidende.

— Eg trur eg vil ta saka opp i samband med revidert nasjonalbudsjett til våren. Det kan vera lettare å få det til då enn til hausten med statsbudsjettet, seier han.