Moses Kalisa 35 år Rwanda og Norheimsund

Det er den lengste perioden Moses Kalisa har vore i arbeid sidan han kom til Noreg frå Rwanda for nesten to år sidan.

Problemet er ikkje å få det nødvendige løyve til å jobbe, problemet er å få jobb. Asylsøkjarane er innvandrarane Noreg ikkje vil ha inn i arbeidslivet. Berre mellom fem og åtte prosent av bebuarane på asylmottak er i arbeid, i fylgje eit overslag frå Ahmed Bozgil, administrerande direktør i Hero Mottak og kompetanse, eit firma som driv over 20 flyktningmottak i Noreg.

Kalisa og kameraten Paul Ndikumana har hamna i ein vond sirkel det er vanskeleg å kome ut av.

Omsynet til om det er lett å finne arbeid eller ei, spelar inga rolle for kvar mottaka er plassert.

Ingenting er gale med Kvam eller arbeidsgjevarane der, men det hadde vore lettare å finne arbeid om han budde i ein større by, som Bergen, trur Kalisa.

Men flyttar han dit utan å ha jobb først, står han fullstendig på bar bakke — utan tak over hovudet, og utan inntekt. Den støtta han får no får han berre om han blir der han er plassert.

Det er heller ingen som oppmuntrar til arbeid. Arbeidskraftutleige-firmaet Adecco, som importerer polsk arbeidskraft i stor stil, har dei aldri høyrt om her.

Livet på mottaket er enkelt, men neppe eigna til å bu folk på å take del i arbeidslivet om dei får innvilga asylsøknaden. For kva gjer dei om dei ikkje har jobb?

— Ingenting, berre søv og ser tv, frå måndag til søndag, seier Kalisa.

Den vanlegaste grunnen til at Kalisa og Ndikumana får oppgitt for ikkje får jobb, er at dei ikkje kan norsk. Og norskopplæring vil ikkje staten betale for lenger.

— Lite hjelp i at det er lett å få arbeidsløyve då, meiner Kalisa.

Men Kalisa og Ndikumana har fått eit håp etter at arbeidsinnvandringa frå dei nye EU-landa tok seg opp.

Når norske arbeidsgivarar ser dei kan bruke austeuropearar som korkje snakkar engelsk eller norsk, får dei kanskje auga opp for at kravet om norskkunnskapar ikkje er så viktig.

— Du treng ikkje snakke norsk for å vaske golv, seier Ndikumana.