VIDAR YSTAD

Orførarar frå alle parti er i harnisk over utsiktene for kommuneøkonomien etter at statsbudsjettet vart lagt fram onsdag.

Kommunenes Sentralforbund (KS) har kravd minst 3,5 milliardar kroner meir i frie midlar til kommunane, enn det Regjeringa har lagt på bordet.

Stor pågang

Gjøvik-ordførar Tore Hagebakken (A) som har starta eit «ordførar-opprop mot statsbudsjettet, trudde, då Bergens Tidende snakka med han i går ettermiddag, at så mange som 180 ordførarar hittil har slutta seg til oppropet.

— Eg høyrer at det har gått ut ei melding i Høgre til ordførarar frå det partiet om at dei ikkje bør skrive under. Dersom det er eit pålegg, vil eg seie som eg sa om statsbudsjettet: veldig skuffande, men ikkje overraskande, seier Hagebakken til BT.

Han trur at både Høgre-ordførarar og ordførarar frå Frp, som har sagt at det er behov for meiner pengar, men ikkje vil skrive under, likevel gjerne ser at aksjonen fører fram.

— Kravet frå KS er minst 3,5 milliardar kroner meir i frie midlar i 2005 til kommunane.

Hagebakken vil møte statsråd Solberg i ettermiddag til debatt om kommuneøkonomien i lys av statsbudsjettet på landsstyremøtet i KS.

Varsko til tøff Erna

  • Erna Solberg er tøff. Men vi har ytringsfridom i Noreg, seier Hagebakken i ein kommentar til at statsråd Solberg har rykka hardt ut mot ordføraroppropet som Hagebakken har initiert. Ho har omtala det som eit valkamputspel frå Ap.

— Dersom dette er eit valkamputspel, så er det eit kraftig varsko om kva som er i ferd med å skje. For nå er det blitt eit folkeleg engasjement. Reaksjonen på oppropet har vore eksplosjonsarta. Nå får eg melding om at einskildpersonar også vil engasjere seg og lage ein folkeaksjon. Det gjeld mellom anna personar som er råka av ei skulenedlegging her i Gjøvik. Det inneber at skytset nå blir fjerna frå meg og i staden retta mot Oslo, seier Hagebakken.

- Betydeleg behov

Den profilerte Høgre-ordføraren i Stavanger, Leif Johan Sevland, er skuffa men ikkje overraska over budsjettet.

— Premissane vart lagt ved behandlinga av kommuneproposisjonen i vår. Men det er ikkje tvil om at det er eit betydeleg udekka behov for pengar til kommunesektoren, seier Sevland til Bergens Tidende.

— Dersom Stortinget vedtek dette budsjettet må dei vite kva dei gjer og kva konsekvensar det får. Det betyr at Stortinget set klare grenser for kva kommunane kan utføre av oppgåver, seier Sevland.

— Før eller seinare vil det også gå ut over service-tilbodet i kommunane.

— Mange kommunar slit med manlgande vedlikehald av bygningar. Korleis er det med Stavanger?

— Det er veldig bra. Vi nyttar nå 750 millionar kroner på vedlikehald. Vi har røynt at det kostar dyrt å forsøme vedlikehaldet, seier Sevland.

MØTER ORDFØRARAR: I ettermiddag møter leiaren for ordføraroppropet mot statsbudsjettet, Tore Hagebakken, kommunalminister Erna Solberg til debatt i landsstyret i Kommunenes Sentralforbund. Han vil slå i bordet med kanskje så mykje som 200 ordførar-underskrifter.<p/>FOTO: SCANPIX