Den 57-år gamle Johnsen, som nå er sokneprest i Lambertseter, blir dermed leiar for sekretariatet i det utøvande rådet i Den norske kyrkja. Sekretariatet, som er i Oslo, har omkring 60 tilsette.

Johnson er teolog frå Menighetsfakultetet og blei ordinert til presteteneste i 1974.

Han har vore leiartreningssekretær, assisterande generalsekretær og generalsekretær i Norges Kristelege Student— og Skuleungdomslag.

Han har vore formann i Organisasjonenes Fellessråd, er medlem av sentralstyret i Kristelig Folkeparti og var medlem av det regjeringsoppnemnde stat/kyrkjeutvalet 2003-2005.

Den nye direktøren er tilsett for ein periode på seks år med moglegheit for seks nye år, melder KPK.