Dette er bakgrunnen for forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen har bede forsvarssjef Sverre Diesen oppnemne eit eksternt, uavhengig granskingsutval.

Det skjer etter at først ei interngransking i Forsvaret og sidan ei gransking som advokat og tidlegare nestsjef i Økokrim, Erling Grimstad, har utførd, avdekt alvorlege forhold.

Skal avdekke

Granskingsutvalet, som skal vere ferdig innan 1. mars neste år, vil bli leia av sorenskrivar Nils Dalseide. Utvalet skal både søke å kartlegge og avdekke forholda og kome med framlegg til tiltak for auke oppdagingsrisikoen og redusere faren for mislege forhold.

I neste omgang kan dette bli ei sak for politiet.

I rapporten som Grimstad leverte 3. november, konkluderer han med at «Samlet sett mener vi at risikoen for smøring, bestikkelse eller påvirkningshandel (korrupsjon) eller andre straffbare handlinger er høy med bakgrunn i de forhold som er avdekket av Controller-enheten. Vi mener det er sannsynlig at Forsvaret har vært utsatt for straffbare handlinger i forbindelse med kjøp av varer og tjenester innenfor IKT-området, uten at det er mulig å si noe sikkert om omfanget og antall involverte på konsulentsiden eller antall personer involvert i Forsvaret.»

Siemens tok overpris

Granskinga er gjennomførd i kjølvatnet av det som har kome fram i den såkalla Siemens-saka. Her kom det fram at Forsvaret har betalt grov overpris for dataleveransar. Dette er bretta ut i ei oppseiingssak i Siemens.

Sju ulike leverandørar av datautstyr til Forsvaret i perioden 1995-2005 er førebels i søkelyset. Dei er ifølgje forsvarssjef Sverre Diesen plukka ut nærast tilfeldig.

Fleire av selskapa har hatt fleire leveransar/kontraktar med Forsvaret.

Grove brot

Det er avdekt fleire brot på innkjøpsreglementet, på interne rutinar og etiske retningsliner.

Mellom anna er dei aller fleste av dei kontraktane som er undersøkt, tildelt utan konkurranse.

Det er dessutan avdekt fleire tilfelle av at tilsette i Forsvaret har gått direkte frå stillingar i Forsvaret til konsulentfirma for så å bli leigd tilbake til Forsvaret på same saksområde.

— Dette er klart i strid med dei etiske retningslinene i Forsvaret, slår forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen fast.

Mange i forsvarsleiinga har vore klar over at tidlegare tilsette er blitt hyra inn att som konsulentar.

I går forklarte forsvarssjef Sverre Diesen forholdet med at Forsvaret kan ha kvitta seg med kompetanse for raskt og så blitt avhengig av å leige inn turvande kompetanse for å dekke behovet.

— Vi skal til botns i denne saka. Forsvaret forvaltar store samfunnsverdiar og er avhengig av tillit hjå folk flest, seier Strøm-Erichsen. Ho legg til at ho vil ha ei open line om aktiviteten i Forsvaret.