I første omgang er det snakk om å finne ein person som kan konstituerast som generalsekretær.

— Monica Kristensen Solås er sjukmeld på ubestemt tid. Ho er utsliten og treng tro og kvile. Ho har vore utsett for eit umenneskeleg press, seier Stangeland til Bergens Tidende.

Politiet på nakken

Han sat i går i styremøte i fire timar. Klokka fem gjekk han i landsrådsmøte som varte langt utover kvelden. Deretter skulle styret tre saman igjen. Alle desse møta er ekstraordinære krisemøte innkalla i hurten og styrten etter at Datatilsynet måndag fann grunn til å melde Redningsselskapet til politiet for ei rekke grove brot på personregisterlova.

Det gjeld i første rekke at Datatilsynet meiner Redningsselskapet utan lov har gått inn og lese privat e-post i stor stil. Det handlar også om at Monica Kristensen Solås, assistert av advokat Morten Steenstrup, har gjort privat e-post tilgjengeleg for utanforståande.

Begge desse forholda ligg til grunn for at saka er meld til politiet. Ei politisak med straffeforfylging vil også kunne råke advokaten som har vore og er sentral rådgjevar for organisasjonen i denne saka.

Som om ikkje dette var nok har Arbeidstilsynet varsla at dei kjem på inspeksjon for å granske arbeidsmiljøet. Sjukefråveret auka i fjor frå 5,2 til 13,2 prosent.

Ampert

Det var etter det Bergens Tidende forstår amper stemning under rådsmøtet. Motsetningane er sterke og frontane harde. Fleire medlemer av landsrådet gjev ope uttrykk for at dei korkje har tillit til Monica Kristensen Solås eller til det sitjande styret som har stått last og brast med henne.

Det var på førehand varsla at fleire av representantane i landsrådet ville fremje mistillitsframlegg mot styret og president Magnus Stangeland.

Men nestleiaren i landsrådet, Marie Kleppa, frå Rogaland, opplyser til Bergens Tidende at slike framlegg måtte avvisast på formelt grunnlag: Landsrådet kan berre behandle saker og framlegg som er fremja på førehand.

Fleire av medlemene av landsrådet freista overfor Bergens Tidende å bagatellisere den knallharde kritikken frå Datatilsynet.

Men under ein pause i møtet i går kveld inntok Magnus Stangeland ei anna haldning då han møtte Bergens Tidende.

- Stort alvor

— Redningsselskapet vil sjølvsagt rette seg etter norsk lov og norsk tradisjon. Vi tek rapporten frå Datatilsynet med stort alvor. Vi vil innleie ein positiv dialog med Datatilsynet for å finne ei løysing på dei problema tilsynet har teke opp. Vi er ein humanistisk organisasjon som er avhengig av tillit. Den tilliten vil vi freiste å bygge opp att, seier Stangeland.

Stangeland opplyser at Redningsselskapet via advokat vil kome med merknader til politiet til den saka Datatilsynet har meld.

Stangeland seier også at han har stor tru på at saka vil bli lagt vekk av politiet og at det såleis ikkje blir noka straffeforfylging.

Stangeland vedgår at det nok kan ha skjedd uheldige og kritikkverdige ting ved behandling av e-post i Redningsselskapet.

Avgrunn

Samstundes kan ein slå fast at det er ein avgrunn mellom Datatilsynet sitt standpunkt og vurderingar og Redningsselskapet si oppfatning.

Stangeland insisterer nemleg på at Redningsselskapet ikkje har lese privat e-post på jakt etter «illojale medarbeidarar». Datatilsynet har konkludert med det motsette.

Midt oppe i dette strir Stangeland med å få Redningsselskapet på fote økonomisk og organisatorisk.

Utan kompensasjon for bortfall av inntekter frå speleautomatar neste år, vil Redningsselskapet få eit underskot på 140 millionar kroner, hevdar han. Han seier at selskapet var stilt i utsikt å få 133 millionar kroner overførd frå Norsk Tipping neste år når spelemonopolet blir innførd.

Redningsselskapet arbeider med å slanke organisasjonen og kutte kostnader. Dei nye redningsskøytene som krev mindre bemanning, vil vere lekk i dette arbeidet.

— Monika Kristensen Solås har hevda at problema i organisasjonen kjem av at ho har måtta rydde opp etter forgjengaren, Anne Enger Lahnstein?

— Det var dårleg sagt. Slik er det ikkje, seier Stangeland.

GJENNOMFØRE: - Den oppgåva eg har nå, må eg gjennomføre, seierMagnus Stangeland til Bergens Tidende.
SCANPIX