Kvar 40. gravide kvinne i Noreg blir ramma av svangerskapsforgifting. Men har du ei mor eller ei søster som har hatt svangerskapsforgifting, er risikoen fire til fem gonger så høg for at også du blir sjuk i graviditeten.

No vil forskarane leite etter forklaringa i genane til desse familiane. Over sommaren kjem 55 kvinner i Hordaland til å bli kontakta av Kvinneklinikken (KK) i Bergen. Dette har dei felles:

  • Alle har fødd på KK etter 1967
  • Alle hadde svangerskapsforgifting
  • Alle har ei mor eller ei søster som også har hatt svangerskapsforgifting

KK ønskjer også å kome i kontakt med kvinnelege slektningar som har fødd.

— Det er ei opphoping av svangerskapsforgiftning i nokre familiar. Vi vil prøve å finne den biologiske forklaringa, seier klinikkoverlege Per E. Børdahl til BT.

Viktig dødsårsak tidlegare

Mellom 150 og 200 kvinner blir kvart år innlagde på KK med svangerskapsforgifting. Tilstanden var tidlegare ein av dei viktigaste årsakene til at gravide døydde, og moderne svangerskapskontroll vart innført nettopp av omsyn til sjukdommen. Men kva er det eigentleg?

— Eg ville fått Nobelprisen om eg kunne svare på det, svarar Børdahl kontant.

— Men vi trur det heng saman med måten morkaka festar seg i livmorveggen tidleg i svangerskapet. I dag døyr heldigvis berre 1-3 kvinner kvart år i svangerskap/fødsel i Noreg. Alvorleg svangerskapsforgifting kan vere ein av grunnane, og er stadig ein farleg tilstand.

Svangerskapsforgifting grip grunnleggjande inn i heile mors organisme, og er ein viktig årsak til for tidlege fødslar, og til at barnet ikkje veks slik det skal i mors mage. Teikn er høgt blodtrykk og eggekvite i urinen.

Kromosom 2 kan løyse gåta

Svaret på kvifor nokre familiar er hardare ramma enn andre, kan ligge i kromosom 2. Derfor må alle deltakarane i studien avleggje ein blodprøve, i tillegg til å bli intervjua av forskarane.

— Vi skal leite på ein bestemt stad i dette kromosomet, forklarar assistentlege på KK, Ferenc Macsali, til BT.

Forskarar på Island, i Finland og Australia har alt funne ein samanheng mellom svangerskapsforgifting og dette genområdet.

— Vi forventar å finne det same, spesielt med tanke på Island, seier Macsali.

I tillegg er målet å finne fram til metodar for å overvake sjuke gravide på ein betre måte. I dag er einaste behandling å få ungen raskt ut - anten ved å setje i gang fødselen, eller ta keisarsnitt.

— Kan gentesting bli aktuelt i framtida?

— Det er det for tidleg å seie noko om, men det er klart at det kan bli aktuelt i dei mest alvorlege tilfella, seier Børdahl.

Studien blir gjennomført i samarbeid med sjukehus i Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Rogaland.