Folkehelseinstituttet (FHI) leiar etterforskningsarbeidet gjennom ei eiga utbrotsgruppe, og går breitt ut for å løyse gåta. Prøvar frå matvarer, vatn og husdyr skal analyserast og samanliknast.

Det same skal intervjua med foreldra til barna i Sogn og Fjordane, Troms og Sør-Trøndelag som har fått påvist smitte frå E. coli-bakterien.

– Det blir eit skikkeleg detektivarbeid. Vi jobbar kontinuerleg, men det er slett ikkje sikkert at vi finn smittekjelda, seier seniorrådgjevar Unni Harsten ved Folkehelseinstituttet.

Sporar opp kvitteringar

Barna kjem frå ulike delar av landet, men er smitta av den same bakterien. I helga skal det jobbast med å systematisere alle innspel og andre data om moglege smittekjelder i nærmiljøet til barna. FHI leitar blant anna etter fellestrekk i opplysningane som foreldra har gitt om matvarer, reiser og husdyr:

Kva har dei ete? Kan dei tre familiane ha hatt kontakt med same personar? Har medlemmar i dei ulike familiane på noko tidspunkt vore på same stad?

– Vi ber også foreldra om å hente ut utskrifter frå bankkort, for å finne ut kor og når dei har handla matvarer før barnet vart sjuk. På den måten kan vi etterspore detaljerte kvitteringar frå kvar butikk. Dei fleste store matvarekjeder har lagra slike opplysningar elektronisk, seier overlege Hans Blystad ved FHI.

I går vart det sett ned ei styringsgruppe, som skal organisere leitearbeidet. Måndag er det møte i Matsmittekomiteen, som skal gi råd i jakta på smittekjelda.

Fire tilfelle på Vestlandet

FHI har informert landets kommunelegar, sjukehus og laboratorier, slik at dei skal vere særleg merksame på barn med blodig diaré.

Så langt i år er det påvist tolv tilfelle av den farlege E. coli-bakterien EHEC i Norge. Av desse er fire på Vestlandet.

I fjor var det påvist totalt 22 tilfelle, men ingen vart alvorleg sjuke.

I 2006 utvikla ti norske barn nyresjukdommen HUS som følgje av E. coli-smitte. Eit barn døydde. Smittekjelda viste seg å vere morrpølse frå Gilde. Når E. coli-alarmen no går igjen, er Nortura (resultatet av fusjonen mellom Gilde og Prior) på vakt.

– Vi har ei historie som gjer at vi ikkje tør å la vere å sjekke, seier konserndirektør Nina Sundqvist.

– No går vi gjennom og granskar vår eigen dokumentasjon frå alle fabrikkane våre, for å finne ut om det har skjedd noko uvanleg.

– Har de funne avvik?

– Ikkje som vi er kjende med. Problemet er at vi ikkje har indikasjonar på kva smittekjelda kan vere.

Under E. coli-utbrotet i 2006 var det mange spekulasjonar om kva slags kjøtprodukt som kunne vere smittekjelda. I mange veker var kjøtdeigen feilaktig mistenkt.

– Det vart spekulert for mykje førre gong. Den eine dagen var det kjøtdeig, neste dag eit anna produkt. Det vart veldig hysterisk alt saman, seier Svein Fatland, dagleg leiar i Fatland Kjøt Ølen.

– Men sjølvsagt er det viktig å finna smittekjelda raskt. Vi er spente vi også, på kva dette kan vere. Vi veit ingenting.