VIDAR YSTADOslo

Striden har nå nådd fram til Regjeringa. Før helga vart fiskeriminister Otto Gregussen oppnemnt som settestatsråd for justisminister Hanne Harlem for å behandle ein klage frå Bess Jahre.

Ektemannen til Harlem er advokat i firmaet som er bustyrar for Jahre sitt dødsbu.

Bettum si rolle Bjørn Bettum er forretningsførar og styremedlem i Anders Jahres Humanitære Stiftelse.

Heilt sidan 1994 har Bettum og stiftinga freista å oppnå partstatus i saka som dødsbuet etter Jahre fører for å få hand om millionane frå den hemmelege utanlandsformuen til Jahre.

Den saka har rulla og gått i skatteparadiset Cayman Islands i årevis.

Buet meiner, etter det Bergens Tidende har grunn til å tru, at Bettum har nytta denne posisjonen som "gratispassasjer". Bettum er sjølv saksøkt av buet for si rolle med å unndra midlane i formuen frå buet. Kravet mot Bettum og London-banken Lazard Brothers, er på rundt to milliardar kroner.

Stigande irritasjon Bess Jahre har med stigande irritasjon sett på at stiftinga, som ber ektemannen sitt namn, har brukt millionar av kroner av stiftinga sine pengar på dette føremålet.

Ved årsskiftet hadde stiftinga, etter det Bergens Tidende får opplyst, brukt 6,4 millionar kroner på dette føremålet.

Etter det vi forstår lastar enkefru Jahre også Bettum for at formuen til Jahre har kome på framande hender. Det er ein konsekvens av freistnadane på å løyne og skjerme formuen for norske styresmakter.

Høgre-"familie" I fjor gjekk Bess Jahre til fylkesmann Mona Røkke i Vestfold med saka. Ho kravde at Røkke som tilsynsorgan for stiftingar, skulle gripe inn og instruere stiftinga om å avstå frå å søke partsstatus på Cayman Islands.

Tidligare Høgre-politikar Mona Røkke nekta å gje eit slikt pålegg. Røkke kom dessutan til at avgjerda ikkje kunne påklagast.

I styret for stiftinga sit: Øyvin Fjeldstad, (tidlegare banksjef i DnB og varamann til Stortinget for Høgre, der han også har møtt for Røkke), Ellen Hjerpe Hansen, fylkesordførar og vararepresentant til Stortinget for Høgre, Lars Roar Langslet, tidlegare stortingsrepresentant og statsråd for Høgre, Bjørn Bettum, tidlegare leiar for økonomiutvalet som skaffa pengar til Høgre, og biskop Sigurd Osberg.

Klaga til Justis Bess Jahre har gjennom advokaten sin, Truls Leikvang, i firmaet Thomessen Krefting Greve Lund, likevel påklaga avgjerda til Justisdepartementet.Nyleg avviste domstolen på Cayman igjen å gje stiftinga partsstatus.

Etter dette har nå styret i stiftinga nettopp gjort vedtak om ikkje å forfylgje saka vidare, opplyser styreformannen i stiftinga, Øyvin Fjeldstad, til Bergens Tidende.