Dermed tek striden om spørsmål knytt til den omstridde Vardø-radaren ei ny dramatisk vending. Saka gjeld innsyn i graderte, eller hemmelegstempla, dokument om Globus II radaren i Vardø. Avviser kravet Ombodsmannen kravde i juni i fjor innsyn i dei graderte dokumenta i saka, for å kunne behandle ein klage frå Bergens Tidende. Ombodsmannen hadde først fått innsyn i berre ugraderte dokument i saka, men kom etter kvart til at han måtte ha innsyn i dei graderte dokumenta.Jagland avviser innsynskravet fullstendig. Han nektar også å legge saka fram for Kongen i statsråd. Svært overraskande Men utanriksministeren nøyer seg ikkje med det, han gjev også tilvisingar for korleis ombodsmannen bør innrette arbeidet ved kontoret sitt.Den ferske avgjerda frå Jagland kjem svært overraskande på ombodsmannen. Han er svært i villreie om korleis han nå skal behandle eller gå vidare med saka.Difor vil Fliflet ikkje kommentere saka overfor Bergens Tidende.Sivilombodsmannen er Stortinget si «vaktbikkje» som skal passe på forvaltninga. Ombodsmannen er underlagt Stortinget og har posisjonen sin slege fast i Ombodsmannslova og i Grunnlova. I intruksen for ombodsmannen heiter det at Ombodsmannen sjølv fastset korleis arbeidet ved kontoret skal innrettast.

AVVISER: Thorbjørn Jagland avviser innsynskravet fullstendig. Han nektar også å legge saka fram for Kongen i statsråd. Arkivfoto: Scanpix