I innlegget finn Jagland grunn til å lekse opp om kva som burde vere barnelærdom i eit parlamentarisk demokrati.

Det råkar dei såkalla barnehagekameratane, opposisjonspartia på Stortinget, inkludert Ap.

— Det kan ikkje vere tvil om at Jagland her slår til mot sine eigne, kommenterer Høgre sin parlamentariske leiar, Oddvard Nilsen, overfor Bergens Tidende.

Stoltenberg, som også er parlamentarisk leiar i Ap, avslår å kommentere Jagland sitt utspel overfor Bergens Tidende.

Jagland-innlegget er i utgangspunktet eit åtak mot Frp-formann Carl I. Hagen for hans utfall mot statsminister Kjell Magne Bondevik. Hagen får så hatten passar for utfallet sitt medan Bondevik var i svært viktige forhandlingar i Moskva om norske interesser i nordområda.

Jagland kritiserer også at ingen av dei parlamentariske leiarane deltok i stortingsdebatten om nordområdepolitikken nyleg. Han held fram at «knapt noen sak er viktigere for Norges langsiktige interesser enn dette». Stoltenberg er ein av desse parlamentariske leiarane.

«Barnelærdom»

Vidare trekkjer han fram problema for mindretalsregjeringar og skriv om stortingsfleirtalet som samlar seg om «de mest horrible overbud»:

«I denne perioden har Bondevik fått smake. Det gikk så langt at opposisjonen trodde den kunne gjennomføre en historisk barnehagereform på siden av Regjeringen. Men ingen stor reform kan gjennomføres uten at den på forhånd har fått folkets støtte i valg og deretter at den sittende regjering setter hele sitt apparat inn på å gjennomføre den.

Dette burde være barnelærdom i et parlamentarisk demokrati.»

Sp-leiar Åslaug Haga seier til Bergens Tidende at ho oppfattar Jagland sitt innlegg som ei støtte til ei fleirtalsregjering.

«Infamt»

— Når ein har ei mindretalsregjering må ein vere budd på at regjeringa kan få eit fleirtal mot seg. Å seie at slikt ikkje bør skje, er på mange måtar å heve seg over politikken, seier Haga.

Haga meiner innlegget til Jagland kan lesast på mange måtar, mellom anna som eit infamt innlegg mot Stoltenberg.

— Jagland har ikkje fylgt med i timen. Han har feil frå A til Å. Vi tok initiativ til eit barnehageforlik som vi sidan fekk regjeringa med på. At regjeringa sidan har obstruert avtalen og vedtaket, kjem av at den har prioritert skattelette framfor barnehagar.

Dette seier nestleiar i SV, Øystein Djupedal, i ein kommentar til Bergens Tidende. Han vil ikkje svare på om innlegget frå Jagland er å oppfatte som eit spark mot Stoltenberg.