VIDAR YSTADvidar.ystad@bt.noOslo Jagland sladda fleire dokument i saka før dei er oversendt til Sivilombodsmannen. "Deler av dokumentene må betraktes som fortrolige overlegninger om forvaltningens forhold til Sivilombudsmannen, og er derfor sladdet", skriv utanriksministeren i brev til Sivilombodsmannen. — Eg synest dette verkar veldig problematisk i forhold til sjølve ideen med ombodsmannsordninga, seier professor Jan Fridthjof Bernt ved Universitetet i Bergen til Bergens Tidende.Han er ekspert på offentleg rett.- Ombodsmannen som institusjon er oppretta nettopp med sikte på at Stortinget skal kunne kikke forvaltninga i korta. I ei sak som gjeld spørsmålet om forvaltninga etterlever offentleglova lojalt, eller om ein driv med taktiske overlegningar for å hindre innsyn, er det heilt avgjerande at ombodsmannen får fullstendig innsyn, seier Bernt.Han finn det uhaldbart at forvaltninga "i ro og fred" skal kunne utvikle motstrategiar når ombodsmannen bed om innsyn. Det vil også øydelegge tilliten til forvaltninga. Nils Øy, som er generalsekretær i Norsk Redaktørforening reagerer med vantru på Jagland sitt brev og den haldninga som der kjem til uttrykk: - Fantastisk - Det er ganske fantastisk at den som skal kontrollerast diskuterer i løyndom korleis dei skal forholde seg til kontrolløren. At dette skjer i sentralforvaltninga med UD og Justisdepartementet som aktørar, gjer ikkje saka mindre oppsiktsvekkande, seier Øy. Han finn det også oppsiktsvekkande at ombodsmannen sjølv har stilt seg så imøtekommande overfor eit slikt opplegg.- Ein får berre vone at ombodsmannen innser at dette er feil og tek seg inn att når han til slutt skal vurdere saka, seier Øy.Dokumenta handlar om eit innsynskrav som ombodsmannen i juni i fjor retta til Utanriksdepartementet. Vardø-radaren Ombodsmannen kravde innsyn i dokument som UD ikkje hadde vilja utlevere av di dei var graderte ("hemmelegstempla").Ombodsmannen kom til at han likevel ville ha innsyn for å kunne behandle og ta stilling til ei klage frå Bergens Tidende.Utanriksdepartementet brukte eit halvt år på å vurdere innsynskravet frå ombodsmannen. Det endte med at ombodsmannen personleg fekk innsyn i dokumenta etter vedtak av Kongen i statsråd.Men før ein kom så langt, hadde UD drøfta og rådførd seg med lovavdelinga i Justisdepartementet om innsynskravet frå ombodsmannen.Bakgrunnen for saka er strid om innsyn i dokument som gjeld den omstridde nye amerikanske radaren i Vardø. "Interne overveielser" "Det synes ikke urimelig at den instans som skal kontrolleres må ha mulighet for interne overveielser av forholdet til kontrollinstansen uten at denne skal ha rett til å gjøre seg kjent med dem, enten direkte eller via innsynsretten etter offentlighetsloven."Dette skriv UD i eit brev til ombodsmannen.Brevet er underteikna av utanriksråd Bjarne Lindstrøm og ekspedisjonssjef Hans Wilhelm Longva på vegner av utanriksministeren.