Bakgrunnen er avsløringane i Bergens Tidende i går om korleis Jagland har dramatisert radar-saka. Det har han gjort gjennom brev til Sivilombodsmannen i ei klagesak fremja av Bergens Tidende. «Bensin til bålet» I går uttala leiaren i Forsvarskomiteen på Stortinget, Hans J. Røsjorde (Frp) at «Jagland ber bensin til bålet» og at «han bør halde seg langt unna fyrstikker».To av dei andre tungvektarane i Forsvarskomiteen, nestleiaren, Gudmund Restad (Sp) og Høgres forsvarspolitiske talsmann, Ingvald Godal, stiller seg bak formuleringane og reaksjonane frå Røsjorde.— Det må vere ei unødig dramatisering Jagland nå har verka til å gje. Reaksjonen om å bere bensin til bålet, meiner eg er treffande. Det har vore ei følsam sak, og russarane har vist betydeleg interesse for denne saka ved fleire høve, seier Restad til Bergens Tidende. Og han legg til: Aukar interesse - Dei blir nok ikkje mindre interessert når det blir framstilt som det er noko meir som ikkje toler dagens lys, i forhold til det som er opplyst om saka tidlegare. Eg er samd med Røsjorde. Jagland medverkar til ei ekstra mystifisering.- Eg har ingen spesielle kunnskapar om denne radarsaka ut over det vi har fått ope i Stortinget. Kvifor Jagland gjer dette, er mystisk og uforståeleg for meg. Det er svært treffande å karakterisere den han har gjort som «å bere bensin til bålet», seier Ingvald Godal til BT.Lars Riise, som er Krf sin forsvarspolitiske talsmann reagerer slik:- Dette er underleg i lys av forhistoria i denne saka ý at ein nå medverkar til å skape unødige spekulasjonar. Eg forstår ikkje motivet. Hadde ikkje fristen for å stille spørsmål vore ute, ville det vore naturleg å ha stilt skriftleg spørsmål både til UD og til FD, særleg sidan statssekretæren i FD nå tydelegvis har stilt seg bak innhaldet i brevet frå Jagland. Forklaringar må vi få når Stortinget kjem saman att. Krev nye svar Hallgeir H. Langeland, (SV) har tidlegare stilt ei rad spørsmål til ulike statsrådar om radar-saka. Til Bergens Tidende seier han:- Det som framgår av brevet frå Jagland er nye og dramatiske opplysningar. Her er det tydelegvis halde tilbake opplysningar for Stortinget. Det er alvorleg. Ulike statsrådar har forklart seg, men det er opplagt at UD og FD nå må gå ein ny runde og sørge for at alle fakta kjem på bordet. Det har tydlegvis ikkje skjedd ennå. - Eg har ennå til gode å få svar på det grunnleggande spørsmålet: Dersom du får ein radar til ein milliard kroner, er det då nokon som trur at du ikkje skal ha noko igjen for det?

RADAR-TRØBBEL: Utanriksminister Thorbjørn Jagland haustar storm for si handtering av radar-saka. Arkivfoto