I går vart dei to valde til president og visepresident i Stortinget. Presidenten si løn tilsvarar statsministeren si løn. Visepresidenten før løn som stortingsrepresentant, 567.000 kroner, med tillegg av 14 prosent. Det utgjer 646.380 kroner.

Som leiar i utanrikskomiteen har Jagland hatt ei årsløn på 606.690 kroner. Han får dermed ein lønsauke på over 400.000 kroner og kjem til å tene 200.000 meir enn han ville ha hatt som utanriksminister. Statsrådsløna er på 836.000 kroner.

— Som venta

— Heilt som venta, seier Carl I. Hagen til Bergens Tidende etter at han fekk 25 blanke røyster. - Eg sa på førehand til siderepresentanten min, korleis det ville gå.

Han legg til at han godt veit at han er omstridd. Han seier også at han har full respekt for dei som røysta blankt.

I 1993 fekk Senterpartiet sin visepresidentkandidat, Edvard Grimstad, heile 28 blanke røyster. Stortinget hadde då 165 representantar. I dag er det 169.

Bakgrunnen var at Sp sto imot press frå KrF og Høgre om å overlate visepresidentplassen til Høgres Jan P. Syse som var avgått statsminister. Sp var nest største parti på Stortinget i 1993 og meinte i kraft av det og tradisjon å ha krav på posten.

— Eg har sjølv frå Stortingets talarstol ved tidlegare høve opplyst og rådd til at Frp si gruppe ville røyste blankt ved val av presidentskap, seier Hagen til BT.

Jagland slapp med berre ei blank røyst. 162 avgav røyst. Ved valet på visepresident vart det avgjeve 158 røyster. 25 av desse var blanke medan ein røysta på ein kandidat det ikkje var gjort framlegg på.

Jagland seier han går til oppgåva med stort alvor og respekt for Stortinget og alle som er innvalt.

Sarkasmar

Både Jagland og Hagen seier til Bergens Tidende at dei vil velje sin eigen stil som presidentar når dei skal leie møta i stortingssalen.

— Eg vil gjere ein best mogeleg jobb slik at flest mogeleg blir nøgd med meg. Eg ynskjer ikkje å vere nokon omstridd møteleiar. Eg har ingen planar om å slå om meg med sarkasmar og morosame kommentarar, slik visse presidentar har gjort, utan at eg her skal nemne namn, seier Jagland.

Eg er veldig samd med Jagland som frå presidentplassen uttala at presidentane vil vise respekt for Stortinget og alle medlemene av Stortinget, seier Hagen.

— I den grad eg vil behandle representantane ulikt, vil eg vere langt meir tolmodig og overberande med dei nye representantane enn dei røynde. Eg vil langt raskare slå ned på garva representantar som går over taletida eller som nyttar såkalla uparlamentariske uttrykk. Dei må finne seg i det, ikkje berre fordi dei fortener det, men også fordi dei toler det, seier Hagen.

PRESIDENT: Thorbjørn Jagland sikla etter bli utanriksminister men må sjå langt etter den stllinga. FOTO: HÅVARD BJELLAND
VISEPRESIDENT: Carl I. Hagen oppnådde ikkje sjølve draumen om å bli stortingspresident. Han må ta til takka med å vere visepresident. FOTO: HÅVARD BJELLAND