I eit brev til Sivilombodsmannen kjem Jagland med opplysningar som står i klar motstrid med det som er uttala tidlegare av statsrådane Knut Vollebæk, Dag Jostein Fjærvoll og Eldbjørg Løwer.Jagland plasserer Noreg i ein svært vanskeleg og utsett posisjon i radar-saka. Det er truleg å be om nytt alvorleg bråk med russarane. Jaglands brev Jagland skriv mellom anna:«Globus II-saken er følsom utenrikspolitisk, noe dokumentenes gradering er et uttrykk for. I tillegg vil innsyn i alle de aktuelle graderte dokumentene gi innblikk i hele Globus II-saken, hvor totalbildet vil være av en mer følsom natur enn de enkeltståande dokumenter og deres gradering isolert sett skulle tilsi. Det vil kunne være svært skadelig for Norges forhold til andre stater dersom dokumentene skulle gis en bredere spredning enn Sikkerhetsinstruksen og Beskyttelsesinstruksen gir anledning til.» Dramatisk nye tonar Dette er dramatisk nye tonar frå Regjeringa, klart i strid med dei forsikringane som dei tidlegare forsvarsministrane Dag Jostein Fjærvoll og Eldbjørg Løwer og utanriksminister Knut Vollebæk tidlegare har gjeve i Stortinget. Dei har framheva overvaking av «romskrot» og nasjonale etterretningsoppgåver som det sentrale ved radaren. Dei har kategorisk avvist at det er snakk om at radaren inngår i eit nytt amerikansk forsvarssystem.Dersom det skulle vere rett, er det ytterst vanskeleg å forstå formuleringane som Jagland nå nyttar. Røsjorde knallhard Visepresidenten på Stortinget, Hans J. Røsjorde, som også er leiar for Forsvarskomiteen, reagerer med vantru på innhaldet i brevet frå Jagland:— Utgangspunktet mitt er at eg sjølvsagt har full forståing for at ein i saker som gjeld tryggleiken for riket har gradert informasjon. Heile føremålet med gradering er at berre dei som treng å vite skal kjenne innhaldet i slike dokument. Men når brevet frå Jagland nå gjev klart uttrykk for at berre dei som les alle dokumenta får ei forståing av kva saka eigentleg gjeld, så verkar det til å dramatisere og mystifisere heile Globus II-saka. Det er svært uheldig.- Med dette brevet er utanriksministeren faktisk med på å undergrave den tilliten som Etterretningsstaben (FOE) har bygd opp gjennom sin informasjon om Globus II.- Utanriksministeren har her medverka til å bere bensin til bålet, og han bør for tida halde seg langt unna fyrstikker, seier Røsjorde. Mistenkeleggjer Brevet er førd i pennen av leiaren for rettsavdelinga i UD, ekspedisjonssjef Hans Wilhelm Longva og medunderteikna av utanriksråden, Bjarne Lindstrøm. Brevet er skreve på vegner av Jagland.Jagland nyttar denne argumentasjonen for å nekte at fleire enn ombodsmannen personleg ved ombodsmannsembetet får sjå dei aktuelle dokumenta. Brevet kan vanskeleg oppfattast annleis enn som ei klar mistenkeleggjering av ombodsmannskontoret og fare for lekkasjar. Stiller seg bak Det gjer ikkje saka betre at leiinga i Forsvarsdepartementet, ved statssekretær Øystein Singsaas, går god for innhaldet i brevet. Til Bergens Tidende seier han, via pressetalskvinne Monica Dahlberg:- Dette brevet inneheld ikkje noko nytt i saka. Vi har ingen problem med innhaldet i brevet.Ifylgje Dahlberg var leiinga i departementet orientert om innhaldet, før det vart sendt. Vantru Løwer Tidlegare forsvarsminister Løwer har inga forståing for innhaldet i brevet. Til Bergens Tidende seier ho:- Dette er formuleringar eg sperrar øyrene opp for.Løwer meiner innhaldet i brevet gjev heilt nye opplysningar i høve til det ho sjølv sat inne med som forsvarsminister.- Korleis samsvarar opplysningane frå UD nå med dei svara du sjølv gav i Stortinget?- Eg har svart på dei spørsmåla eg fekk ut frå den kunnskapen eg hadde. Kva som elles ligg i formuleringane frå UD må du spørje Jagland om, seier Løwer. Nytt sprik I juni i fjor fastslo den eine av statssekretærane til Jagland, Espen Barth Eide, at problema kring Vardø-radaren og forholdet til Russland var ute av verda etter samtaler i Oslo 20. juni. Norsk UD hadde då samataler med den russiske viseutanriksministeren. Men alt dagen etter avviste det russiske utanriksministerenm at problema var løyst.Utsegnene til Jagland nå underbygger at problema slett ikkje var ute av verda.

PROBLEMATISK: Spekulasjonane omkring Vardø-radaren og kva den eigentleg skal nyttast til er ikkje ute av verda.