Dei Kjemisk-organiserte ved Fundo sa torsdag ja til eit framlegg om at 90 prosent av dagens inntekt blir fastløn, medan ti prosent blir rekna ut frå bedrifta sitt økonomiske resultat i framtida.

Ved overskot får dei tilsette full løn, ved underskot får dei berre fastløna.

— Eit fleirtal av våre medlemmer har sagt ja til det nye lønssystemet, stadfestar fellestillitsvald for Norsk Kjemisk Industriarbeidarforeining i Høyanger, Leif Larsen. Dei øvrige fagforeiningane ved Fundo har også sagt ja til det nye lønssystemet. Dette vil no inngå som ein del av det puslespelet gjeldsnemnda må legge for å skape økonomisk fundament for det nye selskapet som etter planen skal overta felgfabrikken.

Nemnda ser for seg ei løysing med Høyanger kommune som majoritetseigar og dei noverande eigarane i mindretal. På sikt planlegg kommunen å sleppe inn eksterne investorar, og sjølv trekke seg ut av driftsselskapet.