Høgare pris sparer straum og stimulerer til å utvikle bruke av varmekjelder som ikkje forurensar eller fører til kraftutbygging.

— Norges Naturvernforbund har ingen grunn til å beklage at prisen går opp, og at folk av den grunn brukar mindre straum, seier leiar i Naturvernforbundet, Erik Solheim.

Så langt har miljøinteressene tent på energilova frå 1991, som opna for fri konkurranse mellom kraftprodusentane.

Det første lova viste, meiner Solheim, er at det var bygd ut alt for mykje kraft i Norge. Når kraftselskapa ikkje lenger kunne velte kostnadene ved utbygging over på kundane, stoppa utbygginga opp.

Kampen er tapt

No fører lova til at straumprisane i Noreg nærmar seg prisnivået i Europa.

Lova opna for at Norge skulle bli ein del av ein felles europeiske energimarknad. Nye kraftkablar til Europa gjer det mogleg å nå målet om ein felles marknad.

— Etterkvart som overføringskapasiteten aukar er dette ein realitet, seier Solheim.

Ut frå det som står i aviser og vert sagt i radio og fjernsyn, meiner Solheim det ser ut til at folk flest er opptekne av billegast mogleg kraft, og ikkje av mindre energiforbruk. Men særnorske lave kraftprisar er ein saga blott.

— Kampen for lågare straumprisar er tapt, seier Solheim.

Mykje å spare

Solheim avviser at det nyttar å legge press på politikarane og kraftselskapa for å hindre prisstigning. Den som vil redusere kostnadene må endre sine eigne vaner.

Her er Solheim sine spareråd: Bruk sparedusj, sparepærer, termostat, nattsenking på varmeomnane og hugs å slå av lyset i rom der det ikkje er folk.

— Det er mange hundrelappar å spare på å legge om vanane litt, seier Solheim.

Ut av straumfella

For nye hus, og ved oppussing av gamle, rår Solheim folk til å droppe den tradisjonelle elektriske panelomnen og satse på vassboren varme.

Det gjer det mogleg å veksle mellom ulike varmekjelder.

Den som satsar berre på straum, vil bli sittande i fella.

— Alle reknar med at prisen på straum vil stige på lenger sikt og at andre varmekjelder vil bli relativt billegare, seier Solheim.

LIKAR DYR STRAUM: – Kampen for lågare straumprisar er tapt, seier Erik Solheim, leiar i Naturvernforbundet.
ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH